torsdag 26. april 2012

Riding - mange jenters drøm




Linnea har starta på riding på Krovågen hestesenter.
 Det syns ho er heilt topp. Der får ho vere med på alt, både hestestell,
 oppsaling og ta seg av hesten etter ho har ridd ferdig.

torsdag 19. april 2012

Babykort


Her ser du kva dei fine blå papirene blei til.
Eit nusseleg babykort til ein liten prins.
Kortet skal faktisk få reise langt avgårde:)


mandag 9. april 2012

"Konfirmasjonskort"/kommode



Laga eit konfirmasjonskort der du kan dra ut skuffa og putte t.d. penger i eller legge kortet oppi. Eg har tenkt å ha penger i skuffa og skrive kortet under kommoden.
Kommoden er laga av ei stor fyrstikkeske.

Babykort til jente


Eit kort til ei ny lita jente:)

søndag 8. april 2012

Vår og familieforøking på fleire hald!

 Skal laga eit kort til ei veninna som fekk ein gut for litt sida.
 Glede meg til å bruka desse blåfargane.



Også i naturen skjer det familieforøkning. Ungane kom nett inn med desse to stålormbabyane. Dei blei redda frå eit maurangrep. Snart skal dei få koma ut i den frie natur att!

fredag 6. april 2012

Konfirmasjonskort




Om ein måndes tid, er det ei flott jenta som skal konfirmerast og då må jo ho få eit kort til den store dagen. Namnet til jenta står på hjerta, men det kan eg ikkje røpa endå;)

torsdag 5. april 2012

Smekre former



Har laga nok eit "herrekort", men i andre fargar.
 Syns det blei ganske stilligt eg;) Ingen som kan motstå denna dama vel?;)

onsdag 4. april 2012

Påskepynt



Vurderte om det skulle bli påskepynt i heimen eller ei. Har vore vekke i påsken dei siste åra, så eg har kome heilt vekk frå pynting. Men desse marmorerte egga fekk sjå dagslys igjen etter fleire år i ein kasse;)

søndag 1. april 2012

La piazza del Duomo

I dag har me vore på alle bygga på Piazza dei Miracoli, som det også blir kalla. Ganske så imponerande byggverk. Kan verkeleg anbefalast. Me traska rundt der i 6 timar;) Me var også oppe i tårnet. Fantastisk utsikt. Det gjekk veldig greit å gå opp i tårnet. Sjå bildene og drøm deg til Pisa.