torsdag 31. desember 2015

Godt nytt år

Vil ønska alle eit riktig godt nytt år.
Her i heimen er me klare til å nyta eit godt måltid
saman med gode venner.

onsdag 30. desember 2015

Jula kom - og gjekk

 Denne jula har det vore lite blogging. Rett og slett fordi eg har
mangla julestemning. Sjølv om me har gjort alt som
me pleier å gjera før jul.
 Julekalenderar måtte me ha i år og, både "små" og store.


 Kakebaking ,
 julepynting og
 tenning av advent lys.
 Så dukka sjølvaste julafta opp, og familen var
klar til feiring.
 Vårt julepynta kjøkken, og på årets nest siste
dag fekk me oss nye julegardiner. Kanskje det
er det som skal til for å få julestemning til neste jul.




lørdag 12. desember 2015

Anita+1

Endelig ( for nokon jafall) skulle me få ha med oss vår partnar på julabordet. Han som eg bur samen med var sjølvsagt uti havet. Men eg skreiv nå opp Anita+1 på påmeldinga på jobb, der alle andre skreiv opp namna på seg og den bedre halvdel. Diskusjonen har gått lystig om kven eg skulle ha med meg. Kvelden kom og sjå kor heldig eg var! Uten tvil hadde eg den mest sexy og mandige partnar du kan tenka deg. Syns me kledde kvarandre utruleg godt!
Tusen takk for ein flott kveld min kjære julenisse!











Helsing Molås rom