mandag 30. juni 2014

1. dag i New Orleans

Me våkna alle grytidleg. Er nok litt forvirra av døgnrytmen endå, 
men det kjem seg nok etterkvart.
Starta dagen med typisk amerikansk frukost. Toast and eggscramble. 
Og for dei litt meir avanserte blei det waffle. 
Så tok me oss ein spasertur litt rundt i gatene. For innom eit kjøpesenter
for å kjøla oss ned litt. Ganske tidleg var det alt 33 grader, men pga luftfuktigheita,
føles det som 40 grader. 
Litt seinare på dagen tok me ein busstur på 2 timar. Der me blant anna
 drog gjennom the French Quarter, fekk sjå kor Katarina hadde gjort sine herjingar i
2005, og kva dei har gjort no for å sikra byen meir. Var også innom ein kyrkjegard. Her i New Orleans gravlegg dei ikkje slik som me gjer heime. Det er fordi av at alt flyt opp igjen pga av alt vatnet i bakken. Derfor har dei små hus til sine avdøde, der heile familiane ligg i samen.
I kveld har me hatt ein spasertur i the French Quarter. Eit koseleg område å gå rundt i.
Ein god middag fekk me oss også. 
Waffle breakfast


Merket på veggen var når dei etter Katarina
hadde sjekka for døde og overlevande.

Ein hage me kjørte forbi, der dei hadde pynta
med "døden".

Dødens hus

Så høgt sto vatnet under Katarina!
Sjømat tallerken
Jambalaya

søndag 29. juni 2014

New Orleans

Nå er me vel framme. Har hatt ei bra natt, litt døgnville.... Nå er klokka 8.20 om morgonen her og me er klar for frokost. Bileta er fra i går kveld. Fekk oss ein Lincoln bil. Veldig god og fin. På dette øverste biletet ser du ei stripe, det er verdens nest lengste bru.















-blogga frå Anita sin iPhone

lørdag 28. juni 2014

fredag 27. juni 2014

Ferien er i gang

Koffertane er pakka og me har inntatt Clarion hotellet på Sola, før flyet går i morgon. USA here we come.








-blogga frå Anita sin iPhone

Location:Joavegen,Sola,Norge

Gartnaren vår

har no installert seg, og er klar til å ta seg av hagen, mens me nyt det gode liv.
 

torsdag 26. juni 2014

New Orleans - here we come

Nå nærme det seg avreisa for oss. Men før det er det nok å henga fingrane i her heime.
 Når me endeleg (om nokre dagar) kjem fram til New Orleans, skal me bu på hotellet
Staybridge Suites New Orleans. Det er alltid lika spennande å sjå om det er lika fint i verklegheita som på bileta.
 
 


fredag 20. juni 2014

God sommar

ønske eg alle mine flotte kollegaer. Skulen hadde ikkje
 vore den same uten dåkke. Det er ein grunn til at eg syns det er kjekt å gå
på jobb. Tusen takk for flotte sommargaver.
Nyt sommaren!!!


onsdag 18. juni 2014

Snart ferie - USA

Minkar på dagane til me drar over there. Me gler oss.
Reiseruta er planlagt og nokre hotell er bestilt. Resten tek me undervegs.
Denne gongen reiser me med nokre vener. Det skal bli kjekt.
På biletet ser du kartet over ein del av området me skal til.
Og som tidlegare år skal eg prøva å få blogga undervegs.
Av erfaring veit eg det kan bli litt trøblete, for internett forbindingane er
ikkje alltid så god ute i den store verden.
Me startar i New Orleans. Der har me plan om å oppleva byen, blues og alligator farm.
Kanskje me tek oss ein tur over den nest lengsta brua i verden og?


søndag 15. juni 2014

Roser er røde...........

 
Rosebedet måtte også få litt oppgradering. Har støypt kant rund med granitt stein,
og i dag la eg på ny duk og bark. Nå ser eg frem til at rosene skal bløma
alle på ein gong. De har begynt så smått.
 
 

Plenen før og etter 1. klipp

På lørdag klipte eg plenen for første gong etter me la den. Då hadde det
gått ca 12 dagar. Hadde vokst ganske godt.
Grønn og fin.
 

Ny plen og (hage)

I slutten av mai jobba me som heltar i hagen for å bli ferdige med underlaget til den nye plenen.
Me bestilte plen på rull i frå Grasrota i Sandnes.
Ungane var og med å jobba. På det siste bildet er hagestua i ferd med å bli tett.
Gleder oss til me kan sita å nyta livet der.......







Stord handballfestival

I Pinsehelga var me å såg på Skjold g13 sitt handball lag.
Laget gjorde ein flott innsats på festivalen, og veret var strålande.
Håpar det blir lag og festival til neste år også.


lørdag 14. juni 2014

Sindre 13 år!

Verdens beste gut hadde 13 års dag nest siste dag i mai.
Var veldig fornøyd med gavene sine.
 


Flotte gaver

Kan gjerna bli 40 år fleire gonger eg. Berre sjå på alle dei flotte gavene
eg fekk av både famile, vener og gode kollegaer.
Elisabeth: Gaven fra deg blei spist opp før den blei foreviga;)
Tusen hjarteleg takk alle samen<3

Kort til ein flott prins

Var nett på besøk hjå denne herlige prinsen.
Måtte sjølvsagt få eit kort denne vesle karen også.

fredag 13. juni 2014

Bursdagsfeiring i Amsterdam

Den unge dama på bloggen her blei 40 år nå i mai.
Då reiste familien på tur til Amsterdam, og gjorde gatene utrygge.
Me var heldige med veret og koste oss masse. Travelt og kjekt hadde me det.
Me var blant anna innom Anne Franks hus, Van Gogh museumet, Nemo og mykje meir.
Som de ser på bildet, klarar ikkje tenåringen å henge med i 40 åringen sitt tempo,
han sovnar like godt på kanalbåten.