lørdag 22. februar 2014

The Beatles

 
I dag har eg og min kjære vore på The Beatles forestilling. Det er Oslo konserthus som
står bak oppsetninga .Dette er den første forestillinga i ei rekke. Det skal vera forestillingar 7 år fram i tid.. Dei skal ha ein forestilling for kvart år framover. Det var ikkje fullt i festiviteten i kveld, men du bør få med deg den neste forestillinga som kjem. Det var 2 fantastiske timar med musikk og show.
Blant dei som var The Fab Four var Atle Pettersen. Kledde rolla si perfekt.




 





søndag 9. februar 2014

Morsdag

Skjønne ungar som kom med deilig frokost på senga
til meg i dag. Dei hadde kokt egg, laga kakao og steikt rundstykker.
Kan ein be om noko meir?
Eg fekk også flotte kort med mange gode ord og pakke.
Fantastisk når dei kjem på dette heilt av seg sjølv.

onsdag 5. februar 2014

Valgets kval av lys.....

Det er mykje å velja i innan lys. Eg skal ha lys i garderoben.
Fornuften seier at eg må ha godt lys, og det gir jo spottar.
Men heile meg vil ha noko finare. Så då får me sjå kven som seirar til slutt!!!