Viser innlegg med etiketten Handarbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Handarbeid. Vis alle innlegg

søndag 30. oktober 2016

Bunad til Molå

 Bunadspakken er handla inn, og endeleg har eg
fått levert den videre til den flinka sydama mi!
Molå har valgt seg gammal Jelsa i mørkeblått.
 Fargen på vesten ser du til venstre i bildet. Den er lyseblå.
Fargane på det nederste bildet er ikkje rett gjengitt.
Der ser vesten heilt grå ut.

lørdag 29. oktober 2016

Julegavelapp

 Har tultla litt med å laga pakkelappar til julegåvene.
Dei er veldig enkle å laga.
Til å skjæra ut gavelappen og hjorten har eg brukt
dieser, som eg har kjøpt for ein billeg penge på Ebay.
Kartongen til pakkelappen er kjøpt på Trendhuset på Raglamyr. Den brune
kartongen til hjorten er Basill kartong.
Rundt kanten på pakkelappen har eg sverta litt med Distress Ink, fargen walnut stein.
Stempelet god jul er fra Kort og Godt (M- 234). Til å
stempla god jul brukte eg StazOn, Jet Black.

lørdag 1. september 2012

Sitteunderlag

Eg blei plutseleg barnlaus i kveld. Pappa tok med seg begge "trollungane" på overnatting.
Kva finn ho mor på då? Jo lagar ferdig eit sitteunderlag, medan ho også har eit par til toving i vaskemaskina. Kanskje ho også startar på ein halvårsplan i Kunst og Handverk, koseleg laurdagsunderhaldning det.

tirsdag 28. februar 2012

Strikka og tova sitteunderlag



Viss nokon har lyst å strikke sitteunderlag så brukte eg dette:
Cortina garn frå Spar kjøp (eit tjukt garn).
Til vaksne: 6 nøster, pinne nr. 10 og la opp 80 masker.
Til barn: 4 nøster. pinne nr. 10 og la opp 70 masker.
Vaska det i maskinen på 40 grader saman med litt grønnsåpa.

lørdag 25. februar 2012

Ut på tur.......

Her ser du kva garnet blei til:) Blei ikkje heilt nøgd med resultatet. Garnet var ikkje særleg eigna til toving, sjølv om det vart lova. Men med litt hokus pokus blei det til noko brukandes.






onsdag 22. februar 2012

Fargerikt!

Flotte fargar, ikkje sant? Minne dei deg om noko?
Det er ein søt tanke bak:)
Skal visa produktet når det er ferdig:)

søndag 19. februar 2012

Ut på tur aldri sur!

Sitteunderlaget laga eg ferdig i kveld. Bokstavane var veldig tutlete å få til.
Nå er det berre å pakka sekken med masse godsaker.
God vinterfeire!!