mandag 30. juli 2012

Den store vaskedagen dagen og jordbærsyltetøy!







Dagen i dag starta med at eg og ungane vaska heile stua. Gardiner, vegger, karmar.m.m. S blei så ivrig etter å tjena litt peng, at han tørka støv i hallen og på kjøkkenet. Han støvsuga alle golva nede også. Eg har også stroke alle gardinene i stua og fått dei på plass igjen. Lukta reint og godt. Etter lunsj sto jordbærsyltetøy for tur. Eg lagar alltid frysetøy. Kjøpte to kassar bær, men det blir ikkje så mykje syltetøy av det, men har litt igjen frå i fjor også, så me får håpa det varer til neste sommar. Det er helst når niesa mi er på besøk at me har jordbærsyltetøy. Ho elskar nemleg tante sitt rørte syltetøy.

søndag 29. juli 2012

Sommarlektyren

Her ser du kva me les i heimen for tida. Spaning for store og små. Filmen Lånerane er gratis film på Tysværtunet i veka som kjem.

Kveldsstund på sjøen







Etter fleire år i garasjen, kom endeleg båten på sjøen. S hadde veldig lyst til å prøve tuben i det "varme" somarsveret. Det var veldig fint på sjøen, men ikkje så lett å ta bilete i "hompane".

lørdag 28. juli 2012

Det var ein gong.....



ei jenta som fann ein frosk i hagen. Denne jenta syntes frosken var så søt at ho gjerne ville ha den ved si side. Ho gav frosken eit deiligt bad og stelte godt med han. Det var også rett før han fekk eit lite kyss. Jenta ville så gjerne sjå om frosken ville bli hjå ho heilt frivillig, så ho lot frosken få stå i ei bøtte med vatn på trampolina. Viss frosken var der når ho kom at, skulle han få bli. Men ein stor tragedie hende. Jenta hadde nemleg ein storebror. Han fann frosken på trampolina og gav frosken fridomen tilbake. Det var stor sorg i heimen, i hvertfall ei lita stund.

onsdag 25. juli 2012

Formiddagsbesøk

Ventar koseleg besøk av ei veninne og hennar dotter. Skal ha ein god lunsj saman. Så no har eg dekka bordet, og vore i hagen og funne ei rose til bordet.
Ferie er deilig!

tirsdag 24. juli 2012

Kongler frå USA



Dessa flotte konglene fant me når me kjørte Highway 1 frå San Fransisco til Los Angeles. Veit ikkje kva sort kongler det er, men skal sjå om eg kan finna bilete frå dei trea der me fann dei. Dei er ganske svære. Hadde dei liggande i tett pose ei stund, hadde ikkje lyst å finne ukjente krypdyr inne!

lørdag 21. juli 2012

China House og FKH kamp


 Bestefar spanderte middag og banansplit på China House, byens beste Kina restaurant.
Etterpå drog me opp på stadion for å sjå FKH i aksjon mot Sogndal.


Stadion bada i sol og vind, men det hjalp ikkje FKH til seier. Det blei nå uavgjort etter ein god 2. omgang av FKH. Betre lykke neste gong.

torsdag 19. juli 2012

Borte bra, men heima best!

 Denne flotte solnedgangen hadde me i går kveld. Den var heilt fantastisk.

Her er me på Alexsandria Airport i går morges. Me har reist i ca eit døgn for å koma heim. Alexsandria- Houston, Houston-Frankfurt, Frankfurt-Gardermoen, Gardermoen-Haugesund. Landa kl. 15.10 i dag. Glede meg til å legga meg i kveld. Slite med å holda augene opne. 

tirsdag 17. juli 2012

Huntsville - Alexandria



I dag har me kjørt frå Huntsville til Alexandria. I dag og kjørte me gjennom koselege små landsbyar og fin natur. Alexandria ligg i Louisiana, slik du ser på skiltet. Her har me morgondagen igjen, før flyet vårt går på onsdag. Ungane gleder seg til de kjem heim. Hotellet me ligg på her er kjempefint. Kanskje det blir litt meir shopping før me legg lokket på kofferten;)

mandag 16. juli 2012

San Antonio - Huntsville





I dag har me kjørt fra San Antonio til Huntsville. Me kjørte forbi fleire koselege landsbyar. Eg knipsa bilete ut vindauga når me kjørte så kvaliteten er sånn passe. Fekk litt regn nokre få plasser, men etter me kom fram har me sola og bada oss. På det nest nederste bilete kjørte me forbi eit plantesalg. I morgon reiser me til Alexsandria.

søndag 15. juli 2012

Opplever San Antonio og Amerikansk fotball

 Her er molå i Alamo. Her fekk me helsa på David Crockett, såg hårlokken hans i det minsta:) Ein ganske interessant opplevelse. Det var eit slag som sto her i San Antonio mot meksikanerane.

















 Me drog på båttur på SA river. Ein tur som varte  i 45 min. Der båtføraren fortlate litt om det me såg undervegs. Me fekk også sjå eit brudepar som gav kvarandre sitt ja ved elva:) Ein flott tur i deilig varmt ver.

 Etter båtturen måtte molå til sjekk med armen. Alt såg bra ut, må sjekkast opp når me kom heim. Legen var veldig koseleg. Lurte på om han kunne komma på besøk til oss i Norge med sine 4 barn. Anbefalte oss til å dra til Utah.
Om kvelden drog me på amerikansk fotballkamp. Det var topp syntes S. Typisk amerikansk oppleving, veldig langtekelig med mange pausar. Men ein artig opplevelse. Kampen starta 30 min etter skjema og varte i 3 timar, med 4 omgangar a 15 min.
 Kampen var mellom San Antonio Talions og Arizona. Her helse molå på makoten til Talions. Slo seg til hodet når han såg armen til molå.
 Ein veldig jamn kamp. Men Talions slo Arizona 61-60.

Ein undergang rett idnav hotellet vårt. Blir opplyst om kvelden i ulike farger. I morgon reiser me vidare til Huntsville. Rett før me setter nasen på veg heim.

fredag 13. juli 2012

San Marcos Tanger Outlets



 



For ei lita stund siden såg det slik ut utenfor hotell vinduet.



L og S har shoppa litt i dag. Me var på San Marcos Tanger Outlets i dag. Sindre handla seg to par DC sko. Han har nok overtatt for hu mor. Blitt lite shopping på hu. Men får heller handla på min faste butikk heima;) I morgon skal L til kontroll på sjukehuset, det blir spennande. I skrivande stund er H og S på Imax kino og ser den nye Spidermanfilmen. I morgon kveld skal me på Amerikansk fotballkamp, det blir spennande!

torsdag 12. juli 2012

Scrappesaker og forflytting




I går var eg heldig og fant ein scrappebutikk. De hadde masse stash. Blant anna hadde de stempelputer fra Tim Holtz til 30 kr. Det er billig det. Eg handla det du ser på nederste bildet samt nokre ark, men dei ligg i bilen.  Alt eg handla kom på ca 600 kr. Ikkje værst det for alt eg handla. Husa du ser på dei to øverste bilda er fra Corpus Christi. Gamle koselige hus. Me var også på kino i dag. Såg Brave i 3D. Kinostolane kunne du også legge deg bakover i! Ein kino billett kosta 42 kr, då går det an å gå på kino. På ettemiddagen fann me ut at me ikkje hadde lyst å vere meir på hotellet i CC, var ikkje så veldig bra rom. Me reiste derfor til San Antonio. Me må dit fordi L skal til legen på fredag for å sjekke armen. Veret er heller ikkje på topp. Ligger på ca 28 grader, så det er ikkje kaldt, men det regner innimellom.