fredag 20. november 2015

Har pynta meg!




I dag har eg vore innom Karma tatoo, og fått meg ein ny sommarfugl. Veldig fornøyd!



Helsing Molås rom

mandag 9. november 2015

Kjøkkenoppdatering


Det har gått ei stund sidan sist, og fleire lurer på korleis det går 
med kjøkkenet. Som de ser så er ikkje alt på plass enda. men det
kjem vel om ikkje så brått!
Den dagen kjøkkenet skulle vore ferdig, fekk me vita at steikovnen og
vann/dispensaren ikkje var komt. Ikkje visste leverandøren kvifor.
For å gjera ein lang historie kort, så har det framleis ikkje komt. 
Me har fått oss ein lånesteikovn, inntil den andre dukkar opp.
Oppvaskemaskina kom etter ei veke, men  det viser seg at
me har fått feil modell..........
Me har hatt ein diskusjon med leverandør om kor vidt me har fått god oppfølging,
kan vel sei det slik at me ikkje er heilt einige........
Men det blir sikkert bra til slutt!