torsdag 28. juli 2016

Reingjering




I går var det ein strålande dag til å få bukt med hybelkaniner innomhus. Forstår ikkje kvifor dei bur hos oss, eg har ikkje gitt dei oppholdstillatelse!


Nett no, så lenge det vare, er det topp ver til å reingjera litt ute. Mykje lettare og raskare og, berre til å ta spyleslangen. Også her er det ein slags hybelløvetannkaniner å finna. Men no fekk eg tatt dei!


Så no kan helga komma:)

Helsing Molåsrom

lørdag 23. juli 2016

Morgenstund er gull i grunn....




Ein fantastisk morgon rundt tjødno.


Blikkstille og deilig sol.


Tenkte å gi den eit kyss for å vekka prinsen, men eg har jo ein og treng ikkje fleire<3





No ventar malarkosten.

Molåsrom ønske deg ein strålande dag!!

lørdag 16. juli 2016

Los Angeles - Crown Plaza airport hotel




Då er det snart snuten heim. Flyet går 6.20 lokal tid. Så me me opp i "otto".


Siste innspurt på badinga. Kaldare her enn i Santa Clarita.





Så då sjåast me snart!



torsdag 14. juli 2016

William S Hart museum & ranch





I dag var me ein tur på museum og ranch. Westernskodespelaren William S Hart var veldig berømt på si tid. Han kan samanliknast t.d med dagens Brad Pitt.


Her ligg favoritt hesten hans, Fritz begravd.


Det er både eit rikt dyre og planteliv på ranchen.


Me fekk omvisning i huset.


Han var ven med både Wyatt Earp og Amelia Earhart. Dei hadde han til middag her.


Huset var veldig moderne til den tidsepoka. Han sparte ikkje på noko, då han ville at alle skulle ha det bra når dei var på besøk.


Kjøleskapet du ser her, var til oppbevaring av is, som han fekk levert ein gong i veka, helst for å få høyra sladder.


Han var flink i kappgang.


Stova, med grizzlybjørn på golvet.


Fra soverommet hans.


Bison på ranchen. Me hadde ein veldig flink guide, som gjorde at alle fekk utbytte av omvisninga.

onsdag 13. juli 2016

Here we go again- Urgent Care




I dag måtte me til legen atter ein gong. No var det Molå som hadde fått øyreverk. Ho har gått med det ei stund, men no blei det verre. Har nok fått bakterier frå eit av bassenga me har bada i.


Så me har brukt omtrent ein dag på å kontakte forsikringsselskap, legar og apotek. Ting tek tid!


Men no har ho fått medisiner og me krysse fingrane for at dei hjelpe. Me er blitt reine ekspertane på helsevesenet her nede no.


Etter på var det tid for å sikra seg litt brunfarge, før ferden går heimover på laurdag.


Dette hotellet har eit flott bassengområde. Deilige solsenger.


Her kunne eg vore nokre dagar til. Passeleg varmt med ca 31 grader.



tirsdag 12. juli 2016

Fra San Diego til Santa Clarita




I dag reiste me først til ein Outlet som ligg heilt på grensa til Mexico. Kortet gjekk varmt der og!


Etterpå sat me snuten mot Santa Clarita. Det var mykje trafikk i dag, så det gjekk seint.


Vel fremme var det tid for litt bading og lydbok. Nå er det straks natta.

mandag 11. juli 2016

Meeting our friends again




4 years ago, we met this beautiful family in Yuma. We have stayed intouch now and then.


Since we changed our plans, and left for San Diego, we could finally meet again. We had an amazing evening together with you guys, and is was so good to see you all again.

Point Loma & Cabrillo National monument del 2




Fantastisk flott utsikt.





Gammalt fyr.








Militærkyrkjegard.



Point Loma & Cabrillo National monument del 1




I dag drog me til Point Loma. Det er som ein park, der det er ulike stiar å gå på. Det går ein veg heilt ned til sjøen, der du får sjå kva tidevatnet gjer med klippene.


Flott utsikt og rikt dyreliv.














Sjøforsvaret hadde ein base i området der.


Me trur det var ein form for minnemarkering overfor offera i Dallas.


Det var eit lite museum som fortalte litt om korleis USA blei oppdaga av europearne.