Viser innlegg med etiketten Konfirmasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Konfirmasjon. Vis alle innlegg

tirsdag 17. juli 2018

Linnéa sin konfirmasjon 28.04.18

 Denne nydelege kransekaka pynta ei veninne for meg.
 
 Linnéa var med å tok ut både serviettar, korleis dei skulle brettast og korleis
me skulle pynta bordet.
 
 Bordkorta var dyr som me spraya med sølvfarge.
 
 Blomstervasane lånte eg av ei svigerinne og Frøken Fryd laga
nydelege små bukettar til å ha oppi.
 

 Flotte konfirmanten vår 28.04.18.
 


 Linnéa tok eit bevisst val på humanetisk konfirmasjon.
Ein flott og vakker seremoni.
 


 Ein flott bukett konfirmantar.
 
 Gaveopning må til.
 
 Konfirmasjonskake frå Kunstkakekjellaren. Veldig god.
 
To av mine fine.

søndag 30. oktober 2016

Bunad til Molå

 Bunadspakken er handla inn, og endeleg har eg
fått levert den videre til den flinka sydama mi!
Molå har valgt seg gammal Jelsa i mørkeblått.
 Fargen på vesten ser du til venstre i bildet. Den er lyseblå.
Fargane på det nederste bildet er ikkje rett gjengitt.
Der ser vesten heilt grå ut.

søndag 15. mars 2015

Scrap4fun- scrappetreff i helga!

 På lørdag var eg og ei veninne på scrappetreffet til
Scrap4fun. Det var veldig gøy. Fikk også med oss eit kurs
som heite Primadoll. Me døypte kurset til klæsj og klin. Utruleg kjekt
og inspirerande. Me glede oss alt til neste treff!
Det som du ser laga eg på lørdagen på treffet.







fredag 20. februar 2015

Posekort


I kveld har eg kosa meg med å lage posekort.
Snart konfirmasjonstid.

onsdag 19. mars 2014

Kjolekort til konfirmant

Har laga eit kjolekort til ei flott jente som er
konfirmant denne våren.
Designet er ganske likt som på dei eg har laga før.
Papiret er frå Trendhuset og blonder og sløyfeband er frå Scrappekjellaren.


 


søndag 28. april 2013

Gutakort


Laga kort til ei på jobb som skulle ha konfimasjonskort til ein gut.

onsdag 17. april 2013

fredag 12. april 2013

Konfirmasjonskort til jente






Har laga kjolekort til to konfirmantjenter. Kortene kan stå av seg sjølv.
 
 

torsdag 10. mai 2012

Konfirmasjon 05.05.12



Me var i konfirmasjon 5. mai på Askøy. Ein kjempefin dag.
 Lokalet var veldig koseleg med rundebord som gav ein formell, men og uformell setting.
"Blomstervasane" var laga av LP plater, skikkeleg stillig når konfirmanten er musikkinteressert.
Takk for ein flott dag!