Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

lørdag 4. juni 2016

Nok ein herleg sommardag!

Dagen i dag starta med å få håndballspelaren vår på regionssamling
i Stavanger. Deretter bar det av stad til Torvastad og fotballcup for Molå.
Når me kom heim var det fantastisk å kunna få sitja ute å eta
ferske reker og drikka iskald Pepsi Max.
Det må kunna seiast å vera sommar det!



onsdag 22. juli 2015

God mat i Barcelona




Kebabtallerken. Ikkje spansk mat, men veldig godt.


Paella med skalldyr.


Paellea med kylling. Den var veldig god.


Pizza er alltid bankers! No må me laga middag sjølv framover....

Helsing Molås rom

mandag 28. juli 2014

Heimelaga is

I helga prøvde eg  meg på å laga heimelaga is.
Oppskrifta sto i Haugesundsavis. Kvar fredag har Ingrid Marie Widvey med bloggen
Passion 4 Vintage, passion4vintage.com ei oppskrift som ho presenterer.
Eg er no ikkje så veldig kjøkken menneske, men denne oppskrifta traff meg.
 

Så eg fekk handla inn det eg trengte, og heiv meg i sving.
Ganske kjapt gjort. Isen fraus eg i små isbeger som eg kjøpte på Trendhuset.
Suns dei var så koseleg. Så då var det berre å gleda seg til isen hadde frose.
 Me måtte sjølvsagt prøve smaka om kvelden, og den var knallgod.
Sjokoladeis med bitar av vaniljefugde. Mmmm.
Så fekk du lyst å laga is no, så finn du oppskrifta på bloggen til Ingrid Marie.


søndag 2. mars 2014

Kremboller og andre boller


I dag laga me masse boller
 Sjokoladeboller, shillingsboller og ikkje minst
kremboller. Mmmmmm.
Prøvde ein ny variant på deigen i dag.
 I staden for å smelta smøret inn, rørte eg det mjuka
smøret inn i deigen. Bollene blei utrulig luftige og fine.

tirsdag 14. mai 2013

Dagens middagstips





Denna retten har eg lært av nokre barndomsvener. Den heiter tante Rønne. Tjukke pølser som er snitta, fylt med ei stripe sennep og purreløk. Legges i ildfast form med ost på toppen. Inn i steikovnen. Serveres med potetstappa. Nam, nam!



-blogga frå Anita sin iPhone

søndag 21. april 2013

Luksus



"Litla" Molå overraska oss med frokost både lørdag og søndag.
Alt har ho gjort sjølv. Kokt egg og steikt rundtykker.
Til og med bordkort hadde ho trylla fram.
Då er det godt å stå opp:-)

Husmora

 Kakeboksane er klargjort til jul.
Laga 56 kjøttkaker

tirsdag 5. mars 2013

Ny vri på middagen

Eg er ganske lei orientalsk gryterett, men det er det ikkje alle i familien som er. La gryterett lagvis mellom tortilla lefser og avslutta med ost på toppen. Så inn i steikovnen. Hadde ein god salat og salsa ved siden av. Det blei faktisk godt :-)


-blogga frå Anita sin iPhone

søndag 18. november 2012

Julekaker i boks




På fredag hadde eg og ei veninna bakekveld på skulekjøkkenet. Fru K skulle også vere med oss, men blei sjuk stakkar. Håpe du er bedre nå:) Men laga 3 sorter kvar, så nå har eg 6 sorter i hus.
Godt med det som er gjort!!

onsdag 5. september 2012

Sjokoladekake


 
Lova ein god venn å visa bilde av ei enkel sjokoladekake. Den på det øverste bildet laga eg til Molå sin 1 års dag, og den andre til nevøen min sin dåp. Laga bare ved ei rund sjokoladekake.
Lykke til vennen:)