torsdag 29. desember 2016

Julekos




Har kost meg på arbeidsrommet i dag med å lage kort. Har fargelagt mitt første motiv med promarkers. Veldig gøy å gi liv til et motiv.

torsdag 22. desember 2016

God jul!







Tusen takk for fine julekort fra venner og familie. I år har me i istadenfor å senda ut julekort, gitt 20 middager til nokon som treng det, via Kirkens bymisjon. Det blir vår nye tradisjon i åra framover. Her blir det ei stille og roleg jul. Harald er i havet, og eg og ungane tek oss av julefeiringa. Ynskjer dokker alle ei god jul og eit godt nytt år.

fredag 18. november 2016

Finito med stua

 Stua var ferdig for ei god stund sida. Er berre litt
treig med å legga ut bilder.
Me har tapetsert to av veggene og malt dei andre.
Golvet har me også skifta.
 Nye gardiner måtte til.
 Er kjempefornøyd med tapeteten. Den fann eg med ein gong eg
kom inn i malarbutikken. Hadde bestemt meg før det hadde gått 2 minutt.

søndag 30. oktober 2016

Bunad til Molå

 Bunadspakken er handla inn, og endeleg har eg
fått levert den videre til den flinka sydama mi!
Molå har valgt seg gammal Jelsa i mørkeblått.
 Fargen på vesten ser du til venstre i bildet. Den er lyseblå.
Fargane på det nederste bildet er ikkje rett gjengitt.
Der ser vesten heilt grå ut.

lørdag 29. oktober 2016

Julegavelapp

 Har tultla litt med å laga pakkelappar til julegåvene.
Dei er veldig enkle å laga.
Til å skjæra ut gavelappen og hjorten har eg brukt
dieser, som eg har kjøpt for ein billeg penge på Ebay.
Kartongen til pakkelappen er kjøpt på Trendhuset på Raglamyr. Den brune
kartongen til hjorten er Basill kartong.
Rundt kanten på pakkelappen har eg sverta litt med Distress Ink, fargen walnut stein.
Stempelet god jul er fra Kort og Godt (M- 234). Til å
stempla god jul brukte eg StazOn, Jet Black.

mandag 17. oktober 2016

Snart i mål!

 Onsdag kveld starta me med å riva ned tapet og å fjerna golvlister.
 Ny tapet på to vegger, ny maling på dei andre veggene og
ny parkett skulle leggast.
Nå, 5 dagar etter, er me straks i mål.
Gjenstår kun å henga opp bileta, og gardinene er bestilt!
No kan me kosa oss.

søndag 18. september 2016

Fiske og tubekjøring

 Molå hadde lyst på fisketur i dag.
 Ho inviterte med seg ei venninne, og
 fekk pappaen til å ta båten på sjøen for aller første
gong i år. Medan andre tok båten opp for sesongen,
gjorde me motsatt.

 Klargjering av fiskestenger.

 Dorging pågår. Varte ikkje lenge før Molå gjekk lei,
 så då bytta ho og far plass.
 Plutseleg fekk Anne Synnøve napp.
Ein flott makrell.
 Då hadde jentene fått nok, og ville ut med tube.
 Kjøligt var det, men dei storkoste seg.




mandag 12. september 2016

Sov søtt Nussi




Tenk ingen fleire kosestunder med verdens beste pusekatt.


I dag, 17 år og 4 månadar gammal var tida inne. Nussi hadde troligt nyreproblemer, og det var det lite ein kunne gjera noko med.




lørdag 10. september 2016

Kick off med HHK




I dag har me vore på kick off med HHK. Håndballguten vår er med på HHK g16. Først var Slogmåkane ute med nokre flotte viser til oss.


Presentasjon av årets HHK lag.


Så var gutar 16 i aksjon mot g 18. Dei spelte uavgjort 10-10. Egentlig vant dei, men dommaren var snill og blåste av på overtid. G16 i grønt.





Til slutt spelte HHK mot "geriatrisk" avdeling. Eit flott arrangement. Også ordførar Sigmund var med å heia i dag.

Helsing Molås rom

onsdag 10. august 2016

Tag med sommarfuglar





For litt sidan laga eg ein tag til ei venninne som hadde bursdag.





Helsing Molåsrom

torsdag 4. august 2016

Kjekt med E-bay, særlig




når eg handle på min kjæres konto. Kan i alle fall lata som det ikkje er mine penger eg bruke;)
Glede meg til å setta meg ned å prøva desse nye diesane og stempla eg har kjøpt.

torsdag 28. juli 2016

Reingjering




I går var det ein strålande dag til å få bukt med hybelkaniner innomhus. Forstår ikkje kvifor dei bur hos oss, eg har ikkje gitt dei oppholdstillatelse!


Nett no, så lenge det vare, er det topp ver til å reingjera litt ute. Mykje lettare og raskare og, berre til å ta spyleslangen. Også her er det ein slags hybelløvetannkaniner å finna. Men no fekk eg tatt dei!


Så no kan helga komma:)

Helsing Molåsrom

lørdag 23. juli 2016

Morgenstund er gull i grunn....




Ein fantastisk morgon rundt tjødno.


Blikkstille og deilig sol.


Tenkte å gi den eit kyss for å vekka prinsen, men eg har jo ein og treng ikkje fleire<3





No ventar malarkosten.

Molåsrom ønske deg ein strålande dag!!

lørdag 16. juli 2016

Los Angeles - Crown Plaza airport hotel




Då er det snart snuten heim. Flyet går 6.20 lokal tid. Så me me opp i "otto".


Siste innspurt på badinga. Kaldare her enn i Santa Clarita.





Så då sjåast me snart!