tirsdag 24. desember 2013

God Jul!!

Ja tenk der var det alt jul igjen. Denne jula er min lillebror her med sin familie.
Det blir ei spesiell jul i år, uten pappa. Men me må gjennom det også, sjølv om det fortsatt er
veldig vondt og sårt. Me har vore inne på grava, og stelt og ordna.
 
 Huset må jo også bli julepynta. Det er det einaste som minnar om jul,
sidan me ikkje har snev av noko kvit.
Her er ute ved inngongspartiet.
 
I dag har me kost oss med tre nøtter til Askepott. Det er lika viktig som alt anna til jul.
 
 
Vil ynskja alle som er innom bloggen min ei riktig god jul.
Klem frå Molå
 


fredag 20. desember 2013

Juleferie

I dag var siste dag på jobb, så no er det juleferie.
Eg er så heldig å har verdens beste kollegaer.
Sjå alle gåvene eg kom heim med i dag!
Tusen takk alle saman.
 


tirsdag 17. desember 2013

søndag 15. desember 2013

Teaterforestilling

I dag har me vore på Tysvær kulturskoles teaterforestilling. Dei spelte 2 forestillingar:
 Bygda som glemte at det var jul og En julete forestilling.
 Kjempeflinke barn. For mange av barna var det første gong dei sto på scenen.
 
 

lørdag 14. desember 2013

Jakten på julatre og pepperkakedeig!

I dag drog me for å finna det perfekte julatreet. Kledde oss i gode klede for
å kunne vera ute i skog og mark heilt til Treet dukka opp. Men skjebnen ville
det annleis i år. Nokon hadde alt hogd det perfekte treet til oss, så i år var det gjort på 5 minutt.
Så no står det klar ute i tunet til me kan ta det inn til pynting. Molå meinte
nå me kunne pynta det med ein gong, men me får venta litt til.
Det var faktisk vansklegare å få tak i både ribba og pepperkakedeig, men etter x antall forsøk over fleire dagar, i fleire ulike butikkar, har me heldigvis fått det i hus også.
Så nå kan jula koma, og snøen:)

 


onsdag 11. desember 2013

Kosedag!

I dag har eg hatt ein fantastisk deilig fridag. Den beste til nå i år.
Eg sov frampå, og min kjære fikk ungane på skulen. Han lagte frokost til oss to.
Etterpå drog me på tur til byn, der gjekk me å kikka i butikkar og berre koste oss.
Avslutta koseturen med besøk på NB Sørensen. Kjempegod mat.
Glede meg alt til neste fridag med min kjære.

mandag 9. desember 2013

Mitt julekjøkken

Her er julekjøkkenet anno 2013. Det har i grunnen ikkje endra seg så mykje
opp gjennom åra. Kjøkkengardinene sydde eg til 2. jula i huset, så dei er nokre år
no. Men har ikkje hjarte til å kaste dei. Viktig med tradisjonar.
 Dette er eit brukskjøkken, difor står ikkje alt på utstilling, men er i bruk.


søndag 8. desember 2013

Blogg på facebook

Får me detta til? Spennande!!!

2. søndag i advent!

I dag har eg henta fram meir julapynt. Klarer ikkje heilt å finna
julestemninga i år. Kjem kanskje av at det er første jula utan pappa.
Det store biletet er frå gongen. Eg er veldig glad i englar!
Det midterste biletet er frå stua.
 Der har også ein engel gjort sitt inntog, saman med biletet av pappa.

Eg er utruleg glad i vri hassel. Denne store greina fekk eg av pappa.
 Henta frå min barndomsheim. Har hengt eit par års tid nå, så dei held lenge.
 Her har eg hengt opp mange små kuler, hjarter og sjølvsagt englar.


mandag 2. desember 2013

1. søndag i advent.

 
 
Ungane sin kalender klar.
 
 Far i huset har fiksa kalender til oss.
 Adventstaken
 Familien koser seg med julekaker og julebrus og ser på Jul i Svingen.
Grava til mamma og pappa har fått åynt.

Julemarked på Steinerskulen

Molå og meg var på Steinerskulen sitt årlege julemarked.
Veldig koseleg å gå rundt og få litt følelse av jul.
Ho laga lykt og dyppa lys. Mange fleire aktivitetar å ta seg til også.
 
 




Munch utstilling på småskulen

Munch hadde 150 års jubileum nå i år. Me på småskulen ynskja å ha fokus på det i år.
Så me brukte mange kunst og handverks timar til å laga flotte bileter, skulpturar, masker og mykje meir. Alt dette presanterte me for foreldrene på skulen. Kvar kalsse hadde program i sin eigen klasse.
I 3. klasse hadde elevane dikta song om Munch sitt liv og laga ei forteljing om kvifor Skrik skriker.
Ein triveleg kveld for store og små.


 3.kl.
 Fellesbilete av 3.kl.
 Fingerhekla fellesbilete av 3.kl.

 Skrik bilete av 3.kl.
 Lykter laga av to kjekke lærerar
 Skrik i silkepapir laga av 1.kl.
 
Trommer laga av 1.kl.
 

Skrik ansikt laga av 4.kl.


Fellesbilete laga av 2.kl. Laga av korkar!

Tenerife

Som sagt var me på Tenerife seint i oktober. Det var ei spennenande øy. Me budde i Playa las Americas, på hotellet Green garden resort. Både området og hotellet var fint. Me hadde oss ein utflukt til vulkanen Teide. Men pga sterk vind var taubanen dessverre stengt. Oppe ved vulkanen var det veldig kaldt. Hugs god jakke og bukse om du skal dit. Me leigte bil ein dag og farta rundt på øya. Me drog blant anna til Masca, ein plass som ikkje fekk vegforbinding før på nitti talet og til Los Gigantes. Temperaturen og veret var veldig bra til å vera så seint på året. Det låg tett opp mot 30 grader, og sol kvar dag.