torsdag 22. oktober 2015

Oppvasklivets gleder og sorger!



 

I dessa litt uten kjøkkentider, så er det oppvaskkosten som får kjørt seg. Det har eigentleg funka greit heilt til i dag. Når oppvasken skulle takast etter middag, så var det ikkje eit snev av varmt vatn! Dermed måtte det kokast vatn. Ho mor i huset har ikkje alltid lika mykje tolmodigheit, så i dag gjekk fleire elektriske apparat på ein gong. Det resulterte sjølvsagt i at sikringen slo seg ut. Men til slutt blei oppvasken tatt. På toppen av det heile vise det seg at kjøkkenfirmaet har solgt oppvaskmaskina vår!! Og me veit ikkje kor tid me får ny. Eg krysse fingrane for at handymannen min klare å fiksa varmt vatn kjapt. I mens får eg la tankane sviva mens oppvaskkosten får svingt seg!




Helsing Molås rom

tirsdag 20. oktober 2015

Det går rett veg!

 I går såg det slik ut når eg gjekk på jobb.
Då var me ferdige med grovarbeidet.

 Når eg kom heim frå jobb i går var dette komt opp.
 I dag såg det slik ut når eg kom heim frå jobb.
Det ser ut som om at me får kjøkken igjen om ikkje så lenge.
Det eine tek det andre med seg. For å koma til
røyrane, så måtte me ned med taket i hallen også. 
Me har fått det opp igjen no, og Harald har i dag grunna det kvit.

tirsdag 13. oktober 2015

Babykort til jente

 Laga kort på bestilling til ei lita jente som nett er kome til verda

mandag 12. oktober 2015

Fisketur i Ålfjorden

 Mann og barn var på fisketur i går i Ålfjorden.
Flott fisk fekk dei, som me har til middag i dag.



Nøgd fiskar.

søndag 11. oktober 2015

Nytt prosjekt!

I september reiste detta kjøkkenet til ein ny heim i Ølen.
Satsar på at det får ein god heim der.

 Då satte me (helst Harald då:)) i gong med riving av vegger, tak og golv!

 Dørene er blitt bytta ute med 
skyvedører. Me er kome godt i gong, og nytt
kjøkken kjem om 2 veker:)