lørdag 30. juni 2012

In the Colorado river





Today we have had an amazing time by, or I should probably say in the Colorado river, in Arizona. Nicole and Roger were so kindly and invited us. Thank you so much!!! As you can se from the photo we put up a "tent" so we could protect us from the sun. It was about 45 degrees Celsius. In the water about 30. The children had fun by swiming and the tube after the boat. It is a memory for life! When we drove home we saw that beautiful sunset in the desert. Thanks again Nicole, Roger and your lovely family, we loved it.

fredag 29. juni 2012

Old town San Diego til Yuma









Etter frokost i dag gjekk me ein tur i gamle byen i San Diego. Den var aldeles fortryllande med mange små museer med gratis inngang. Me var innom eit gamalt fengsel, skule, tobakksbutikk m.m. På det eina bilde ser du mannen som arbeider i tobakksbutikken. Ved lunsjtider satte me nasen mot Yuma. Då kjørte me over store fjellområder og ørken. På det høgaste var me 1455 fot over vatnet. Temperaturen ute var på det høgaste 45 grader. Vel framme i Yuma i 16 tida var ikkje temperturen lågare. Det slo imot oss når me opna bildøra. Sjølv nå ved kl.21.30 tida er det ca 40 grader ute. Vel framme på hotellet bada me alle i bassenget. Der komme me i kontakt med ein familie frå San Diego. Dei har invitert oss med på båttur på Colorado River i morgon. Det blir spennande!

torsdag 28. juni 2012

Sea World og Shopping






I dag har me vore i Sea World og sett mange spektakulære show. Ungene og min kjære fikk også prøvd karuseller av ymse slag. Været er godt og varmt, så me kan ikkje klaga:) På ettermiddagen drog me til ein diger Outlet med over 120 butikkar. Denne låg heilt i grensa til Mexico,me såg grensa fra parkeringsplassen. Me shopa i 5 timar og rakk ikkje over 1/4 del av outletten. På det øverste bildet er det ungane som har handla, e handla dei få oransje tinga som du ser til venstre på nederste bilde. Trur ikkje eg har svart belte i shopping lenger;) I morgon drar me videre til Yuma etter me har spasert rundt i den gamle byen som ligger her.

onsdag 27. juni 2012

Famous stars- Santa Monica og Venice Beach

I dag starta me med ein spasertur på Walk of Fame. Fant ein god del kjendisar;) Etterpå blei me med på ein guida tur til ulike kjendisar heimar og til ein utkikspost for Hollywood skiltet. Blei lite bilder i dette innlegget for det gjekk så treigt å lasta opp.
 Det tidligare huset til Julia Roberts. No bygger ho nytt til 45 mill$.
 Her er me på pieren på Santa Monica Beach. Der var det liv og røre.
 Bading på Venice Beach. Det frist ikkje ho mor å bada. Kaldt vatn og mykje vind.




Denne støvskya såg me på veg til San Diego.












Her er frøken klar for kvelden. Heilt utslitt. Sovna 2 min. etter eg tok bildet. Me er no i San Diego og i morgon står Sea World på programmet.

tirsdag 26. juni 2012

Universal Studios - fantastic

I dag har me vore heile dagen i Universal Studios. Me starta i parken kl. 10.00 og forlot den kl. 19.30:) Ein fantastisk park som kan anbefalast på det sterkaste. Her var det noko for alle i vår familie, frå 8-41 år. Heilt utrulige effekter av alle slag. Bildene gir ikkje inntrykk av noko av det, men ein kan sjå noko av det me var med på.
 Her tok me Jurassic Park, the ride. Ei tømmerrenna som gjekk i dinosaur landskap, og avslutta med eit kjempeplask. Me blei klissklass frå topp til tå, men det var deilig i varmen. Ungane og maen tok denne to gonger!
Her har dei vore inne på ein slags berg og dalbane i Mummy, the ride. Her sto mor øve. Redd for å bli dårlig. Fallt i kjempesmak.
 Her var me med på ein rundtur i buss gjennom de ulike studione. Me fekk sjå sett frå ulike filmar/seriar. De holdt også på å ta opp CSI når me var på rundtur.
 Her er eit av husa til de desperate husfruer. Her fekk me kjørt i heile gata og sett alle husa som blir brukt i serien.
 Nice car!
 Her fek me sjå ulike dyr som er blitt brukt i filmar . Fekk sjå korleis dei blir trent opp til å gjer triks. Veldig morsomt show.
Scoby Doo!
 Her er me vel fornøyde etter å ha vore med på 11 ulike aktiviteter i parken. Puh!
Tilbake på rommet. Avslapping. Me sendte far ut for take away. Når han kom tilbake 45 min. seinare sov alle!

I morgon skal me besøka alle stjerne i Hollywood.  Samt ein tur på Santa Monica og Venice Beach før me kjøre til San Diego, ein ca 2 timars tur.

mandag 25. juni 2012

High Way One fra Monterey til LA

















I dag lar eg bileta tale for seg. Me har reist frå Monterey og til Los Angeles i dag. Me brukte 10 timar på turen! Så i kveld er me slitne. Ungane sove nå. Men for ein utrolige tur langs HW1. Det kan anbefalast på det varmaste. Ein heilt fantastisk natur, med alt ein kan drømma om å sjå. Både når det gjeld plante og dyreliv. På de nederste bileta er me ein tur på stranda i Santa Barbara. Der gjekk me langt ut på ein pir og traff innpåslitne pelikanar. Havfrua av sand er det mannen på bilete som laga.
Når me endelig kom fram til hotellet i Hollywood, gjekk Harald inn for å sjekka oss inn, han fekk beskjed om at hotellet var kansellert! Heldigvis ordna det seg, for det er ganske fullt av folk i området her. Fekk oss også ei lita stripa på Hollywood Walk of Fame, og i morgon er det truleg Universal Studios som står for tur.