lørdag 26. september 2015

Anita gjer ting ho ikkje har gjort før!

 Ja tenk i dag var eg  med på Menyløpet. Eg som aldri før
har jogga i heile mitt liv! 7 km gjenomførte eg.
Målet var å ikkje koma sist i mål, og det klarte eg med glans:)
I dag er eg fornøgd med meg sjølv:)



Eigen fotograf hadde eg og, nemleg Molå mi<3

søndag 13. september 2015

Barnlaus for ein dag- kva gjer me då?

 Med ungane innlosjert hos lillebror får me ein heil dag
til eigen disposisjon, fantastisk!
 Då hiv me på oss treningstøy og drar til fjells.
Etter over 1 time i kø for å ta Ulriken til topps, er det vår tur.
Turen frå Ulriken til Fløyen, over Vidda ligg føre oss.
 Utsikten er upåklagelig.
 Me får oss eit kart i kiosken på toppen, men kartet viser
ikkje heile turen. Han som peikar ut turen for oss, virkar og
litt usikker. Han seier til slutt, det er betre å snu enn å gå feil.....
 Heldigvis er vegen merka ein god del plassar.

 Her i Bergen går du heller ikkje åleine på tur. Til tider går du i kø.
Slik er ikkje eg vant med. Det gjekk ikkje ein gong an å ta seg
 ein tissepause, det var folk over alt.
 Det er ganske så vindfullt denna dagen.
Turen var estimert til bort i mot 5 timar for ein vaksen å gå,
uten pausar. Me gjekk på 4 timar med ein halvtime pause.
Då gjekk me i brukbart tempo. Det er ein god del flatar, men med mykje stein, så du må
sjå deg godt føre. Tidvis er det ein del klatring både opp og nedover.
 Fantastisk utsikt!
 Her ser eg ganske så sprek ut. Men du skulle sett meg i dag.
Går som ei på 100+. Måtte morgondagen bli betre.....
 Sprekingen.


 Frå Fløyen og ned til sentrum går det ca 35 min.
Men det er bratt nedover heile vegen, noko
knea mine seier i frå om. 
Det er ein god følelse etterpå, å kunne slenga seg på hotellsenga
og kjenna at kroppen har vore i bruk!

søndag 6. september 2015

Måneskinnslampa




Nå fekk Måneskinnslampa som me arva av mamma og pappa kome til sin rett i hagestua.

Helsing Molås rom