Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg

onsdag 18. juli 2018

Grautavatnet 13.07.18

 Fredag den 13. tok me oss turen opp til Grautavatnet. For min del var det mange år sidan sist og
bakkane hadde ikkje blitt mindre. Vel oppe var Linnéa kjapt ute med fiskestanga, og fisken beit med ein gong.
 
 Storebror blei litt lang i maska, og trur ho fekk to eller tre aurar før han fekk ein.



 Far sjølv hadde jobb nok med å tre på makk, men fekk seg ein aure.
 Etter kvart vart smilet på denne karen større og større, han tok nemleg att søstra si på antall aurar.


 Den blide og kjekke fiskaren min.
Kan ikkje klaga på fangsten. 

søndag 18. september 2016

Fiske og tubekjøring

 Molå hadde lyst på fisketur i dag.
 Ho inviterte med seg ei venninne, og
 fekk pappaen til å ta båten på sjøen for aller første
gong i år. Medan andre tok båten opp for sesongen,
gjorde me motsatt.

 Klargjering av fiskestenger.

 Dorging pågår. Varte ikkje lenge før Molå gjekk lei,
 så då bytta ho og far plass.
 Plutseleg fekk Anne Synnøve napp.
Ein flott makrell.
 Då hadde jentene fått nok, og ville ut med tube.
 Kjøligt var det, men dei storkoste seg.




torsdag 14. juli 2016

William S Hart museum & ranch





I dag var me ein tur på museum og ranch. Westernskodespelaren William S Hart var veldig berømt på si tid. Han kan samanliknast t.d med dagens Brad Pitt.


Her ligg favoritt hesten hans, Fritz begravd.


Det er både eit rikt dyre og planteliv på ranchen.


Me fekk omvisning i huset.


Han var ven med både Wyatt Earp og Amelia Earhart. Dei hadde han til middag her.


Huset var veldig moderne til den tidsepoka. Han sparte ikkje på noko, då han ville at alle skulle ha det bra når dei var på besøk.


Kjøleskapet du ser her, var til oppbevaring av is, som han fekk levert ein gong i veka, helst for å få høyra sladder.


Han var flink i kappgang.


Stova, med grizzlybjørn på golvet.


Fra soverommet hans.


Bison på ranchen. Me hadde ein veldig flink guide, som gjorde at alle fekk utbytte av omvisninga.

onsdag 13. juli 2016

Here we go again- Urgent Care




I dag måtte me til legen atter ein gong. No var det Molå som hadde fått øyreverk. Ho har gått med det ei stund, men no blei det verre. Har nok fått bakterier frå eit av bassenga me har bada i.


Så me har brukt omtrent ein dag på å kontakte forsikringsselskap, legar og apotek. Ting tek tid!


Men no har ho fått medisiner og me krysse fingrane for at dei hjelpe. Me er blitt reine ekspertane på helsevesenet her nede no.


Etter på var det tid for å sikra seg litt brunfarge, før ferden går heimover på laurdag.


Dette hotellet har eit flott bassengområde. Deilige solsenger.


Her kunne eg vore nokre dagar til. Passeleg varmt med ca 31 grader.



mandag 11. juli 2016

Point Loma & Cabrillo National monument del 1




I dag drog me til Point Loma. Det er som ein park, der det er ulike stiar å gå på. Det går ein veg heilt ned til sjøen, der du får sjå kva tidevatnet gjer med klippene.


Flott utsikt og rikt dyreliv.














Sjøforsvaret hadde ein base i området der.


Me trur det var ein form for minnemarkering overfor offera i Dallas.


Det var eit lite museum som fortalte litt om korleis USA blei oppdaga av europearne.