Viser innlegg med etiketten Oppussing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oppussing. Vis alle innlegg

tirsdag 31. januar 2017

Prosjekt garasjeloft

 Prosjekt treningsrom på garasjeloftet. I dag har me lagt golv,
så det minke på det. Friperioden strakk ikkje heilt til, men neste gong....

Her kjem tredemølle, elipesmaskin, boksepute, multigym
og diverse manualar. Blir det ikkje brukt så får me finna
på eit kvart anna.

fredag 18. november 2016

Finito med stua

 Stua var ferdig for ei god stund sida. Er berre litt
treig med å legga ut bilder.
Me har tapetsert to av veggene og malt dei andre.
Golvet har me også skifta.
 Nye gardiner måtte til.
 Er kjempefornøyd med tapeteten. Den fann eg med ein gong eg
kom inn i malarbutikken. Hadde bestemt meg før det hadde gått 2 minutt.

mandag 17. oktober 2016

Snart i mål!

 Onsdag kveld starta me med å riva ned tapet og å fjerna golvlister.
 Ny tapet på to vegger, ny maling på dei andre veggene og
ny parkett skulle leggast.
Nå, 5 dagar etter, er me straks i mål.
Gjenstår kun å henga opp bileta, og gardinene er bestilt!
No kan me kosa oss.

mandag 9. november 2015

Kjøkkenoppdatering


Det har gått ei stund sidan sist, og fleire lurer på korleis det går 
med kjøkkenet. Som de ser så er ikkje alt på plass enda. men det
kjem vel om ikkje så brått!
Den dagen kjøkkenet skulle vore ferdig, fekk me vita at steikovnen og
vann/dispensaren ikkje var komt. Ikkje visste leverandøren kvifor.
For å gjera ein lang historie kort, så har det framleis ikkje komt. 
Me har fått oss ein lånesteikovn, inntil den andre dukkar opp.
Oppvaskemaskina kom etter ei veke, men  det viser seg at
me har fått feil modell..........
Me har hatt ein diskusjon med leverandør om kor vidt me har fått god oppfølging,
kan vel sei det slik at me ikkje er heilt einige........
Men det blir sikkert bra til slutt!

tirsdag 20. oktober 2015

Det går rett veg!

 I går såg det slik ut når eg gjekk på jobb.
Då var me ferdige med grovarbeidet.

 Når eg kom heim frå jobb i går var dette komt opp.
 I dag såg det slik ut når eg kom heim frå jobb.
Det ser ut som om at me får kjøkken igjen om ikkje så lenge.
Det eine tek det andre med seg. For å koma til
røyrane, så måtte me ned med taket i hallen også. 
Me har fått det opp igjen no, og Harald har i dag grunna det kvit.

søndag 11. oktober 2015

Nytt prosjekt!

I september reiste detta kjøkkenet til ein ny heim i Ølen.
Satsar på at det får ein god heim der.

 Då satte me (helst Harald då:)) i gong med riving av vegger, tak og golv!

 Dørene er blitt bytta ute med 
skyvedører. Me er kome godt i gong, og nytt
kjøkken kjem om 2 veker:)

tirsdag 18. mars 2014

Badet er ferdig!!!

I kveld flytta guten inn igjen på sitt nya bad.
Me har (min kjære rettare sagt) har plata veggene, lagt nytt tak,
montert ny baderoms innredning, nytt toalett og litt andre småting.
Ny dusj kjem etter kvart.


 


mandag 3. mars 2014

Nytt prosjekt på gong!


No er det badet i kjellaren som guten i huset brukar,
som skal få seg ein ansiktsløftning.
Baderomsplater på veggene, spotter i taket og ny innredning.
Spennande!

lørdag 1. mars 2014

Klar til innflytting i........

Walk in garderoben min. Min kjære har lagt ned mange arbeidstimar
for at eg skulle få denne garderoben. Tusen takk vennen min.
Er veldig fornøyd! Innredninga er frå garderobemannen.no





Litt småting gjenstår som lampe, folie på vinduet m.m.
Det kjem etterkvart.


søndag 26. januar 2014

Walk in closet - framgong

Nå byrjar rommet å ta form. Min kjære mann jobbar flittig.
Eg har ikkje gjort noko endå, utanom å velja tapet og parkett.
Innredningen er bestillt hjå Garderobemannen.no Blir spennande
når den kjem i hus. Gjett om eg glede meg!!!
 Her min kjære i aksjon med å mala vindauget.
 
 Her er kontrastveggene.
 
 
 
 
 
Her er mønsteret i tapeten.
 
Dette er innredninga.

mandag 4. mars 2013

Molå i nytt rom

Her komme nok Molå til å sova godt.



-blogga frå Anita sin iPhone

søndag 3. mars 2013

Klar til innflytting


Gjett om Molå glede seg!






-blogga frå Anita sin iPhone

søndag 23. september 2012

Welcome to my New York




Her er S sitt nye flotte rom. Her sov han i natt. Litt småting gjenstår, men me er alle veldig fornøyd.

torsdag 9. august 2012

Nye prosjekter på gang.....



Den"litle" guten vår skal få nytt rom i kjellaren. Me har nå slutta å leiga ut og skal ha det sjølv. Så her har me fleire prosjekt på gong......Men først nå er det Sindre sitt rom. Han har valgt seg ut ein fototapet frå Photowall.no:
Bilete lånt frå Photowall.no

Synest denne er kjempestillig. Skal bli spennande å  få sjå den på veggen. Veggane skal me mala i fargen Morgondis frå Jotun sens. Vindauga, dør og lister vert kvite. På golvet blir det parkett, den har me ikkje tatt ut enda. Gler meg til rommet skal innredast, det er det kjekkaste:)