Viser innlegg med etiketten molå. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten molå. Vis alle innlegg

lørdag 4. juni 2016

Nok ein herleg sommardag!

Dagen i dag starta med å få håndballspelaren vår på regionssamling
i Stavanger. Deretter bar det av stad til Torvastad og fotballcup for Molå.
Når me kom heim var det fantastisk å kunna få sitja ute å eta
ferske reker og drikka iskald Pepsi Max.
Det må kunna seiast å vera sommar det!



fredag 3. august 2012

Endelig kvitt gipsen!!



I dag var endeleg dagen komen for å ta av gipsen. Men det var ikkje ein lett jobb. Vanlegvis plar dei klippe opp gipsen med ei slags saks, det gjekk ikkje. Så prøvde dei med ei større tong, det gjekk heller ikkje. Så måtte dei bruke ei slags sag, men det var heller ikkje nok. Sjukepleiaren måtte hente ein lege som kunne hjelpe ho. Dei saga, bente og klippte, dei haldt på i 30 min og til slutt kunne molå trekke handa ut av gipsen! Puh! Så no må ho vere forsiktig i eit par veker.

lørdag 28. juli 2012

Det var ein gong.....



ei jenta som fann ein frosk i hagen. Denne jenta syntes frosken var så søt at ho gjerne ville ha den ved si side. Ho gav frosken eit deiligt bad og stelte godt med han. Det var også rett før han fekk eit lite kyss. Jenta ville så gjerne sjå om frosken ville bli hjå ho heilt frivillig, så ho lot frosken få stå i ei bøtte med vatn på trampolina. Viss frosken var der når ho kom at, skulle han få bli. Men ein stor tragedie hende. Jenta hadde nemleg ein storebror. Han fann frosken på trampolina og gav frosken fridomen tilbake. Det var stor sorg i heimen, i hvertfall ei lita stund.

torsdag 26. april 2012

Riding - mange jenters drøm




Linnea har starta på riding på Krovågen hestesenter.
 Det syns ho er heilt topp. Der får ho vere med på alt, både hestestell,
 oppsaling og ta seg av hesten etter ho har ridd ferdig.