søndag 20. mai 2012

110 års dag:)

 I dag feira me 110 års dag her i huset. Me byrjar å dra på åra;) Eg hadde laga dronningkaka, snickerskaka, rabarbrakaka, sjokoladekaka, gulrotkaka, gele og is, så det  skulle vera litt for ein kvar smak.
Guten var iallefall nøgd med feiringa si, og det var det viktigaste:)

lørdag 19. mai 2012

Bursdagsbord

I dag har eg dekka bord til familieferinga i morgon. Eldsteguten blir 11 år 30. mai. Me blir over 20 så det må eit langt bord til. Eg er nok litt sånn at det enkla er ofte det besta. Så det er ikkje så mykje pynt på bordet. Det er dryssa over masse blanke hjerter på heile bordet, du ser dei nok så vidt:)


onsdag 16. mai 2012

Klar for 17.mai

Bordet er ferdig pynta til i morgon. Alle skjortene og flagga er ferdig stroke.
No ventar me berre på den store dagen!!
Hurra for FKH som slo Ålesund 4-2, kan vel ikkje få ein betre start for 17. mai!

torsdag 10. mai 2012

Konfirmasjon 05.05.12



Me var i konfirmasjon 5. mai på Askøy. Ein kjempefin dag.
 Lokalet var veldig koseleg med rundebord som gav ein formell, men og uformell setting.
"Blomstervasane" var laga av LP plater, skikkeleg stillig når konfirmanten er musikkinteressert.
Takk for ein flott dag!