torsdag 30. august 2012

HIPP HURRA

 
Gratulera så masse med dagen i dag vennen.

lørdag 25. august 2012

New York foto tapet


Nå har me fått opp tapeten på veggen. Skal bli kjekt å sjå korleis det blir når han er blitt heilt tørr. Her ser du at den framleis er våt. Men eg syns han var skikkelig stilig!
 Me har begynt å legga golvet i dag også, så nå minker det på det.
Då er det berre "resten" igjen.

onsdag 22. august 2012

Parfymejentene




Desse herlige tremeningene skulle lage parfyme av roseblader. Så nå dufter alt bare roser her i heimen og alt er sjølvklart rosenrødt!!

søndag 19. august 2012

Jentetur til Håvåshytta







Eg og Molå gjekk inn til Håvåshytta i dag. Me hadde ein nydelig tur. Er så fine fargar.
Nå har me funne nok eit kodeord;)

lørdag 18. august 2012

Jentehelg


Me jentene er aleine heime denne helga. Gutane har me sendt til Husnes på fotballcup. Det er deiligt å ha huset litt for seg sjølv.
Molå har ei veninne på overnatting, så no har me nett kosa oss med taco.


Litt stemning må me ha når det er grått og trist ute.


No er det tid for å laga årsplanar. Men alt går lettare når ein har noko å kose seg med til arbeidet. Sjekk det fine penalet eg har. Det har ein god ven laga til meg!




tirsdag 14. august 2012

Siste feiredag

I går var det siste feriedag for ho mor. Då blei frokosten inntatt ute i eit nydeleg ver. Me var ute heile dagen og solte oss og bada i bassenget. Deiligt.

Krabbe lysing




Fredagskveld drog "gutta" ut for å lysa etter krabbe, mens me jentene koste oss heima. Hadde besøk av kusina mi, mann og barn. Veldig koselig. Fangsten blei 7 krabbar med masse mat. Gjett om me kosa oss.

torsdag 9. august 2012

Nye prosjekter på gang.....



Den"litle" guten vår skal få nytt rom i kjellaren. Me har nå slutta å leiga ut og skal ha det sjølv. Så her har me fleire prosjekt på gong......Men først nå er det Sindre sitt rom. Han har valgt seg ut ein fototapet frå Photowall.no:
Bilete lånt frå Photowall.no

Synest denne er kjempestillig. Skal bli spennande å  få sjå den på veggen. Veggane skal me mala i fargen Morgondis frå Jotun sens. Vindauga, dør og lister vert kvite. På golvet blir det parkett, den har me ikkje tatt ut enda. Gler meg til rommet skal innredast, det er det kjekkaste:)

søndag 5. august 2012

Ein smak av sommar!




Etter ein god del regn på formiddagen, skein det opp. Ungane var uti bassenget i fleire timar i dag. Storkoste seg. S spelte fotball i hagen,medan ho mor steikte lappar ute. Så fekk me kaffigjester. Heile 9 stykk dekka me til ute i sola. :)

fredag 3. august 2012

Kort til guttebaby




Eg og ei veninne laga kort i går kveld. Ingen av oss var i det kreative hjørna, men fekk nå til eit kort.
Dette kortet er det ein liten prins som skal få.

Endelig kvitt gipsen!!



I dag var endeleg dagen komen for å ta av gipsen. Men det var ikkje ein lett jobb. Vanlegvis plar dei klippe opp gipsen med ei slags saks, det gjekk ikkje. Så prøvde dei med ei større tong, det gjekk heller ikkje. Så måtte dei bruke ei slags sag, men det var heller ikkje nok. Sjukepleiaren måtte hente ein lege som kunne hjelpe ho. Dei saga, bente og klippte, dei haldt på i 30 min og til slutt kunne molå trekke handa ut av gipsen! Puh! Så no må ho vere forsiktig i eit par veker.