tirsdag 28. mars 2017

Lay Out på treffet

 Eg laga også desse LO-ane av Molå mi. Bileta går tilbake til
2007, så det er ei lita stund sidan. Ikkje lenge før ho er konfirmant no, så
då må albumet hennar vera klart.

 Bakgrunnen på denne LO-en laga eg ved hjelp av ein stensil
og eit pulver som eg kan dryssa på og så spraya vatn på.
Blei ein stilige effekt.

mandag 27. mars 2017

Scrappetreff og kurs på Kolnes

 
I helga var eg på Scrappetreff og kurs i regi av Scrap4fun.
På lørdagen var eg på to ulike kurs. Det første gikk ut på korleis
du kunne lage 4 kort av eit mønsterark i tillegg trengte du kortbase og panel.
Kursa var i regi av Åshild Halvorsen som er redaktør i Ett Trykk.
 Det andre kurset heite positiv og negativ. Det gjekk ut på å bruke både det du stansar ut og det du har igjen når du har stansa ut.
I tillegg laga me bakgrunn sjølv ved bruk av blant anna dylusion spray.
Også dette var eit kjekt kurs. 8 kort på to timar, det er bra det!

Fredagskvelden kosa eg meg med å lage veske. Det var då ein utfordring
du kunne vera med på.
Kriteria var å bruke 3 ting som låg i ein liten pose som du fekk utlevert.
Veldig artig å sjå alle sine vesker kor ulike dei blei.


onsdag 1. mars 2017

LO frå Lake Mead

 I går satt eg og kosa meg med å laga denne LO-en. Den er frå då
me var å bada i Lake Mead i sommar etter ein varm dag oppe ved Hoover Dam.
Veldig kjekt å laga ein LO der ein kan klasja og klina på det
ein har lyst til.