onsdag 29. januar 2014

Sjokoladefondant

I dag laga eg noko eg aldri har laga før, Sjokoladefondant. Oppskrifta fann eg i boka til Fjørsilkebris. Var litt usikker på steikinga. Den skulle berre steike i 7 minutt. Då såg den heilt rå ut, så eg lot den steike litt lenger. Men det blei nok litt for mykje. Smakte godt uansett.


-blogga frå Anita sin iPhone

tirsdag 28. januar 2014

Posekort og kort

Ei god venninna av meg hadde bursdag for ei stund tilbake.
Gaven fekk ho ikkje før lenge etterpå.
Då hadde eg putta gaven inni posekortet.
 Til jul fekk ho eit gavekort som ho kan nytta saman med
bursdagspresangen.

søndag 26. januar 2014

Walk in closet - framgong

Nå byrjar rommet å ta form. Min kjære mann jobbar flittig.
Eg har ikkje gjort noko endå, utanom å velja tapet og parkett.
Innredningen er bestillt hjå Garderobemannen.no Blir spennande
når den kjem i hus. Gjett om eg glede meg!!!
 Her min kjære i aksjon med å mala vindauget.
 
 Her er kontrastveggene.
 
 
 
 
 
Her er mønsteret i tapeten.
 
Dette er innredninga.

mandag 6. januar 2014

1 år siden i dag.........

I dag er det et år siden pappa reiste til mamma.
Det har vært eit år på godt og vondt. Det er framleis tungt å ikkje ha pappa
her i kvardagen, men slik er nå livet.
Det går ikkje ein dag uten at me tenker på han.
Tusen takk pappa, for alt du var for oss<3
 
 
 


lørdag 4. januar 2014

Ein stim......

Ja, ja. Så fekk eg satt meg ned ei stund på
arbeidsrommet i dag også. Lenge siden eg har scrappa no,
så kjekt når lysta melder seg litt.
Desse bileta er frå 10.08.2007

 


fredag 3. januar 2014

Scrappelyst

Etter 9 dagar med sjukdom i heimen, fann eg bitte litt kreativitet.
 Her har eg scrappa to layoutar frå då eldstemann starta i 1. klasse.
 Det er rart å sjå korleis dei forandrar seg.