søndag 18. september 2016

Fiske og tubekjøring

 Molå hadde lyst på fisketur i dag.
 Ho inviterte med seg ei venninne, og
 fekk pappaen til å ta båten på sjøen for aller første
gong i år. Medan andre tok båten opp for sesongen,
gjorde me motsatt.

 Klargjering av fiskestenger.

 Dorging pågår. Varte ikkje lenge før Molå gjekk lei,
 så då bytta ho og far plass.
 Plutseleg fekk Anne Synnøve napp.
Ein flott makrell.
 Då hadde jentene fått nok, og ville ut med tube.
 Kjøligt var det, men dei storkoste seg.




mandag 12. september 2016

Sov søtt Nussi




Tenk ingen fleire kosestunder med verdens beste pusekatt.


I dag, 17 år og 4 månadar gammal var tida inne. Nussi hadde troligt nyreproblemer, og det var det lite ein kunne gjera noko med.




lørdag 10. september 2016

Kick off med HHK




I dag har me vore på kick off med HHK. Håndballguten vår er med på HHK g16. Først var Slogmåkane ute med nokre flotte viser til oss.


Presentasjon av årets HHK lag.


Så var gutar 16 i aksjon mot g 18. Dei spelte uavgjort 10-10. Egentlig vant dei, men dommaren var snill og blåste av på overtid. G16 i grønt.





Til slutt spelte HHK mot "geriatrisk" avdeling. Eit flott arrangement. Også ordførar Sigmund var med å heia i dag.

Helsing Molås rom