søndag 28. juni 2015

Dåpskort til jente


Nok eit dåpskort på bestilling.
Er så herleg å arbeida med pastellfargar.
Håpar dåpsbornet vert fornøgd:)

lørdag 27. juni 2015

Jentetur til Skånevik

 Torsdag drog eg og Molå til Skånevik for å besøka ei
veninna. Me hadde pakka badetøy, for heima skein sola.
Vel framme i Skånevik regna det. Godt var det at me fekk låna regntøy,
slik at me kunne "oppdaga" Skånevik.
 Hønene vart utruleg glade for å sjå oss. 

 Dei åt til og med av neven.
 Slikt eit skilt skulle alle hatt i sitt nærområde.
Kunne ikkje unngå å smila av detta fina ordtaket.
 Krabbar og andre smådyr levde utrygt.

 Falt pladask for dette "litla" huset.
Etter både lunch og middag, blei opphaldet vårt avslutta med
nydeleg "djevelsk"sjokoladekaka. Mmmmm.
Takk for oss, plutseleg er me på besøk att!

fredag 26. juni 2015

Du veit at du ikkje har....

ungar i hus lenger, når du sjølv ikkje får bestemma radiokanal i bilen og når du må gå til anskaffelse av andre nødvendige ting!








Lenge leve Ipoden. Der får eg bestemma sjølv!

Helsing Molås rom

tirsdag 23. juni 2015

15 cm rett av!

Molå mi har lenge ønskt å klyppa seg kortare. I går fekk ho endeleg lov. Mammaen har nemleg ikkje hatt så lyst til det.
Men eg må vell berre innsjå at ho ikkje er så lita lenger og har eigne meiningar. Flinke Therese hos Siri M Hårstudio gjorde ein super jobb. Sjå berre kor fint det blei! Og ikkje minst, så blei Molå sjølv superhappy!





Helsing Molås rom

mandag 22. juni 2015

Takka meg til kaffikoppen og ei god bok!


Molåsrom har sendt herren i huset i havet i dag, etter å ha fått opplæring i kantklypparens hemmeligheiter. Ingen problem detta tenkte Molå, etter at ho i fjor øydela heile kantklipparen. På an igjen i dag med godt mot! Starta pinadø ikkje! Sjølv om eg fulgte oppskriften etter punkt og knottar. Heiv meg på telefonen til han som var på veg i havet. Ny formaning, prøv mindre chalk. Etter endte gong starta den, hurra! Bare resten igjen nå. Men svarte lopphavet, han tok jo ikkje graset. Etter x antall meter stoppa eg denna raude dingsen. 0 tråd igjen:( nå heng maskinen fint på veggen, og eg skal fra nå av heller sjå på at andre jobbe! Må vell snart komma ein slik robo kantklippar og.......


Helsing Molås rom

lørdag 20. juni 2015

Klar for sommar!




No er eg heilt klar for at sommaren kjem. Skulle den utebli, får eg gjera det beste ut av det, slik som no.

God sommar til deg!

Helsing Molås rom

fredag 19. juni 2015

Snott og tårer....

Har det vore mykje av i dag. Ikkje lett å halda tårene tilbake når det står 15 nydelige 4. klassingar å grine fordi du ikkje skal vera læraren deiras til hausten. Eg har hatt 4 fantastiske år saman med 30 skjønne elevar, og topp kollegaer rundt meg. Klart at arbeidsdagen har til tider vore utruleg krevjande, men det elevane gir deg tilbake veg opp for det!
Også på personal sida blir det store utskiftingar- og eg like det ikkje! Til dokker alle på arbeidsrommet vårt: Tusen takk for stor takhøyde og for at dåkke lytte til meg når det trengs. Til dokker som ikkje er samen med oss til hausten, så ønske eg dokker lykke til med nye utfordringar.



Tusen takk til elevar og kollegaer for flotte gaver. Det varmar hjerta.

Sommarklem frå Molås rom

tirsdag 16. juni 2015

Kort til ein ny liten prins.

 Laga kort til ein fin liten prins som kom til verden
for ei lita stunda sida.

mandag 8. juni 2015

Bryllupskort


Laga bryllupskort til ei på jobb.
Fekk frie tøylar til korleis det skulle sjå ut.
Det viser ikkje på bileta, men bokstavane og
sommarfugelen er i glitterpapir.

søndag 7. juni 2015

Hagestua


Det er lenge sida eg har blogga, og hagestua har vore
ferdig tapetsert lenge. Men her kjem nokre bilete frå då me
haldt på med tapetsering. No er også golvet ferdig lagt, og
det er nesten ferdig lista.

Dåpskort til gut

Fekk bestilling på å laga dåpskort til
ein liten gut. Har brukt symaskin
til å sy rundt kantane på kortet.