tirsdag 31. januar 2017

Prosjekt garasjeloft

 Prosjekt treningsrom på garasjeloftet. I dag har me lagt golv,
så det minke på det. Friperioden strakk ikkje heilt til, men neste gong....

Her kjem tredemølle, elipesmaskin, boksepute, multigym
og diverse manualar. Blir det ikkje brukt så får me finna
på eit kvart anna.

mandag 30. januar 2017

Kort til ei flotte dama

 I dag har eg kost meg med å laga kort.
Eg fann ei oppskrift på denne sida:
http://www.seongsookduncan.com/2013/05/osw-one-sheet-wonder-template-for-12x12.html.

 Oppskrifta går ut på at du ved å kutte eit dobbeltsidig ark med mønster på
begge sider på ein spesiell måte, så får du forsida til 8 kort.
I tillegg treng du base i 2 ulike fargar og base til sjølve kortet.
 Alt i alt brukte eg 1 mønsterark, 2 farga bakgrunnar og 3 kvite til sjølve kortet.
 Til pynt brukte eg stempel og litt bling.
 No gjenstår det å sjå om det fell i smak hos ho som får korta.



mandag 16. januar 2017

Ein fantastisk opplevelse




Makan til liv og spenning på en håndballkamp har eg ikkje vore med på før. Taket heva seg omtrent. Lydnivået var oppi 109 db.


Gutane gjorde detta til ein utrolig spennande kamp. Hadde me bare satt alle straffane og hatt dommerane litt meir med oss....


Siste timeout. Kan me få det til?


Linseluså blei med på TV ! Ser alle 4.


Ein slik tur gav meirsmak! Nå får me heia resten fram på TV! Heia Norge!!!!

Helsing Molasrom

lørdag 14. januar 2017

For ein kamp og for eit liv!




Fantastisk stemning i full hall!
Det går liksom ikkje an å beskriva livet det var. Rett og slett magisk!


I dag satt me på 3. rad, så me kom nærme banen.


Gutta gjorde ein god kamp i dag.


Nå skal me lada batteriene til Frankrike kampen i morgon.


- Posted using BlogPress from my iPhone

fredag 13. januar 2017

Nantes





I dag har me spasert rundt i Nantes. Ein passeleg stor by. Mange trange smau med butikkar og restaurantar. Me var innom Chateau de Bordeaux. Eit eldgammalt lite slott. Vollgrav rundt, men ingen prins på kvit hest.?


Flott ver i dag, men iskald vind.



Etterpå var me i the Cathedral of Saint-Pierre and Saint-Paul.


Masse fint å sjå på. Molå tente lys.


I morgon er det håndballkamp mellom Norge og Russland. Blir nok ein spennande kamp. Me har truffe foreldra til både Sagosen og Bjørnsen, så verda er ikkje så stor!

Helsing Molasrom

Heia Norge




Verken båtar som ikkje gjekk eller
fly som sleit med å landa kunne stoppa oss fra å komma oss på kampen mellom Norge og Polen.

P

Me var framme på hotellet bare ein liten time før bussen gjekk til arenaen, og på den tida skulle me rekka å eta. Jaggu klarte me det og.


Smekkfull dobbeldekkar opp til hallen, og liv blei det, men kunne gjerne vore meir liv. Me hadde gode plassar, og satt ganske nærme. Tok tid å komma inn på området. Fleire sjekkpunkter og politi med maskingevær.


Nå er me godt fornøyd med dagens innsats og det skal bli godt å finna senga. I morgen skal me ut å sjå kva Nantes har å by på
På fredag er det Norge - Russland!

Helsing Molasrom

mandag 2. januar 2017

Klæsj og klin




I dag har eg kost meg med riving, liming, maling og gelatoes, Bildet eg hadde laga meg i hovudet , blei heilt annleis til slutt.


Men det er jo det som er kjekt! Starta med å skulle laga ein bakgrunn til desse to bileta under her, men bakgrunnen blei ikkje som eg hadde tenkt,


Derfor blei arket brukt til å ha bakom bileta og til bokstavane. At eg i tillegg hadde pynt i dei same fargane er utrolig nok heilt tilfeldig!


Helsing Molasrom!