Viser innlegg med etiketten Kultur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kultur. Vis alle innlegg

fredag 30. juni 2017

På Akser museum med bestemor/oldermor


I strålande solskinn tok me med oss bestemor/oldermor ned
på Asker museum. 

 Det er veldig koselig å spasera rundt nede på Asker museum.
 Mange koselige og gamle bygningar.

 Ein bugnande hage, med mange ulike planter.



 Museumet er kunstnarheimen til Tilla og  Otta Valstad.
 Hagen er barokk inspiret er det og mange
dyraskulpturar av Anne Grimdalen.
 
 I hagen er det også fleire høner. Dei er veldig glad i vafler.
Den eine høna hoppa opp på fanget mitt,
og så opp på bordet for å ta vaffelhjertet mitt.




mandag 27. juni 2016

Besøk hos Frank Sinatra




Me kjørte innom Desert Memorial park i Palm Springs, for å sjå på grava til Frank Sinatra. Det var slett ikkje mykje stjernepreg på den. Faktisk mykje finare på grava til mine foreldre! Er i grunnen litt rart for han var jo ei stor stjerne.


På samme gravplass låg og Sonny Bono, der var det i alle fall nokre kunstige blomar. Rett nedanfor den grava sto det ein bil foran ei grav, der spelte dei høg musikk og hadde og med seg ein campingstol. Litt andre tradisjonar enn kva me er vane med.


Ungane fekk nå svidd av ein del dollar i dag!

Helsing Molasrom

Location:De Coronado Dr W,Indio,De Forente Stater

lørdag 2. januar 2016

Ekta Husmor og Tysværbu!

Etter 18 år bak oss som Tysværbuar, kom me oss for første gong på Ordførar Sigmund si nyttårsmottaking. Hadde det ikkje vore for at eg hadde lova han det, så hadde eg nok framleis ikkje vore "ekta Tysværbu". Du klarte deg godt Sigmund, og det var mange gode kulturelle innslag og prisutdelinger.











Når eg kom heim var eg og ekta husmor og laga pizzaboller som ungane kan ha i matpakka.
Ein innhaldsrik dag!


Helsing Molås rom

fredag 14. mars 2014

Les Miserables - fantastisk!!!

I går kveld var eg og ei veninne på Les Miserables.
Eg kjente ikkje historia frå før, men den var jo heilt utruleg.
Ei fantastisk perfomence frå alle skodespelerane.
 Både Sigurd Sele og Espen Hana
gjorde ein fantastisk figur.
Utruleg flott musikal. Håra reiste seg på armane mine.
Aldri har 3 timar gått så fort.
Har du ikkje fått med deg førestillinga i festiviteten, så løp og sjå!!
 







Bileta er tatt med mobil og utan blitz.
 


lørdag 22. februar 2014

The Beatles

 
I dag har eg og min kjære vore på The Beatles forestilling. Det er Oslo konserthus som
står bak oppsetninga .Dette er den første forestillinga i ei rekke. Det skal vera forestillingar 7 år fram i tid.. Dei skal ha ein forestilling for kvart år framover. Det var ikkje fullt i festiviteten i kveld, men du bør få med deg den neste forestillinga som kjem. Det var 2 fantastiske timar med musikk og show.
Blant dei som var The Fab Four var Atle Pettersen. Kledde rolla si perfekt.




 





søndag 17. mars 2013

Annie og UL Skjoldafjord

Familien hadde ein fantastisk opplevelse på Annie forestillingen. Mange av 'mine' søte 2. klassingar var med. Eg skal innrømma at tårene kom. Alle både foran og bak scenen gjorde ein fantastisk jobb! Gratulera!


-blogga frå Anita sin iPhone

torsdag 8. november 2012

Ein flotte kveld med Kurt Nilsen





Ein flott artist med ein nydelege stemme og eit kjempebra band som underhaldt oss
  i over 1,5 t med nye og kjente kjære songar, med nokre i ny innpakning.
Ein flott avslutning på kvelden med ein nedtona Never Easy!!