søndag 28. oktober 2012

Snømenn



 
Molå laga denne flotte snømannen med rosa lua på fredag.
Om kvelden fekk ho besøk av ei veninne. Då kom den minste snømannen til verda.

fredag 26. oktober 2012

Fleire prosjekt på gong.....


Denne flotte solnedgongen hadde me 14.10. 

 
 
Me er steingalne;) Nå skal me legga naturstein på heile gardsplassen.
Me har folk som gjer det. Gler oss til det blir ferdig.
 Eit stort puslespel med uferdige brikker.
 

søndag 14. oktober 2012

Heima









Me har hatt ein utruleg flott tur. Mykje å oppleva, deilig ver, og flotte menneske. Blogga lite for me måtte kjøpa intenett tid og i tillegg var nettet treigt. Her kjem eit lite biletras av turen. Det første biletet er frå basseng området. Me hadde leilighet der. Det andre biletet er ved stranda som låg ved hotellet. Bilete 3 og fire, var eg og pappa på tur i byen, på papyrus museum og ved ein moske. Molå fekkk seg ei veninne og siste kvelden åt dei middag på eige bord:) Ein av dei flotte kelnerane ved hotellet.Det siste bilete er solnedgongen på veg heim, tatt frå flyet. Kjem meir bilete seinare, for me var ute i ørkenen med beduinane og rei kamel!

onsdag 10. oktober 2012

Dykking og snorkling

I dag har me vore på båttur heile dagen. To av gutta hadde prøvedykk og me jentene snorkla. Vêret og vatnet er fantastisk. Synd de ikkje selge litt av det;) I morgon skal molå bli med ei jenta og hennas familie i eit badeland. Spørs om ikkje eg må spør sjefen om å få bli ei veka til.;)

søndag 7. oktober 2012

Sharm el Sheik

Me har det fantastisk flott her. Godt og varmt både til lands og til vanns. Hotellet heiter Hilton Waterfalls og er veldig flott. Maten er også god. I morgon skal far og dotter ut på sightseeing i byen.

fredag 5. oktober 2012

Snart avgong

Me heiv oss rundt og fekk oss eit hotellrom på Sola. Deilig å ikkje måtte stå opp før fuglane. Flyet går kl. 09.00. Egypt, here we come.