I dag har verdens beste gutt 12 års dag. Han blei vekka med kake og sang på senga.
Han ønska seg pengar, og har blitt ein del "lappar" rikare.
Me fekk også pakke i posten fra oldemor/bestemor, tante og onkel.
Tusen takk, me blei begge to kjempeglade. Veldig glad for at du huska hammaren tante!
Sorgen i dag var å fylgje min gode kollega, Silje til grava, berre 26 år gammal.
Det blei ei veldig flott, men sterk stund.
Mine tankar går til Oddvar, Mia Seline og Theodor.
Størst av alt er kjærligheten.