lørdag 31. mars 2012

Pisa på kryss og tvers

Etter ein ok frokost på hotellet starta me byvandringa. Me hadde ei bestemt rute me gjekk. Får sjå om eg blogge den når eg er kome heim. Avstandane er ikkje så store og det er mykje å sjå. Ein del er under restaurering eller ikkje opna endå, men slik er det vel med gamle ting;) Tårnet skal opplevast i morgon,men måtte ta med eit bilete av det. Kyrkja de ser heiter Santa Maria della Spina og er gotisk. Bygd på 1200t talet. Ho skal visstnok husa ein torn frå krona av tornekvister fra Jesus krona under korsfestinga. Kyrkja var stengt så me fekk ikkje sjekka det;). Turen måtte sjølvsagt avsluttes med ein ekte gelatto, den smakte fantastisk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar