lørdag 18. august 2012

Jentehelg


Me jentene er aleine heime denne helga. Gutane har me sendt til Husnes på fotballcup. Det er deiligt å ha huset litt for seg sjølv.
Molå har ei veninne på overnatting, så no har me nett kosa oss med taco.


Litt stemning må me ha når det er grått og trist ute.


No er det tid for å laga årsplanar. Men alt går lettare når ein har noko å kose seg med til arbeidet. Sjekk det fine penalet eg har. Det har ein god ven laga til meg!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar