I går pynta eg ute på trappa med sviblar. Tok mose rundt dei og surra rundt sølvtråd.
Dei må stå ute til det nærmar seg jul, ellers spring dei fort ut i blomst.
Laga hjerte til å ha på mamma si grav.
Denne engelen berre ba om å få bli med meg heim idag, då kunne eg jo ikkje
anna enn å la ho få koma inn i husvarmen i mi stova.
Har eg først sagt ja til ein engel, så kan eg jo ikkje drive med forskjellsbehandling....
Dette skal eg pynta med ute på trappa i morgon.
Årets adventake. Omtrent lik frå i fjor, men eg fann ikkje fatet eg plar bruka,
eg må nok tømme nokre kassar til med julepynt så dukkar det nok opp.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar