mandag 30. juni 2014

1. dag i New Orleans

Me våkna alle grytidleg. Er nok litt forvirra av døgnrytmen endå, 
men det kjem seg nok etterkvart.
Starta dagen med typisk amerikansk frukost. Toast and eggscramble. 
Og for dei litt meir avanserte blei det waffle. 
Så tok me oss ein spasertur litt rundt i gatene. For innom eit kjøpesenter
for å kjøla oss ned litt. Ganske tidleg var det alt 33 grader, men pga luftfuktigheita,
føles det som 40 grader. 
Litt seinare på dagen tok me ein busstur på 2 timar. Der me blant anna
 drog gjennom the French Quarter, fekk sjå kor Katarina hadde gjort sine herjingar i
2005, og kva dei har gjort no for å sikra byen meir. Var også innom ein kyrkjegard. Her i New Orleans gravlegg dei ikkje slik som me gjer heime. Det er fordi av at alt flyt opp igjen pga av alt vatnet i bakken. Derfor har dei små hus til sine avdøde, der heile familiane ligg i samen.
I kveld har me hatt ein spasertur i the French Quarter. Eit koseleg område å gå rundt i.
Ein god middag fekk me oss også. 
Waffle breakfast


Merket på veggen var når dei etter Katarina
hadde sjekka for døde og overlevande.

Ein hage me kjørte forbi, der dei hadde pynta
med "døden".

Dødens hus

Så høgt sto vatnet under Katarina!
Sjømat tallerken
Jambalaya

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar