søndag 31. august 2014

Nytt i hagen

 I dag har eg planta i det eine nye bedet. Var inne hos Arne Ødegård i Isvik,
og kom heim med litt forskjellig. Denne gongen var det stauder me
var på jakt etter og syrintre. Syns syrintre dufter aldeles nydeleg.
Så treng du planter må du ta turen til Isvik!
 Bronsefigurane er arvegods frå mamma og pappa. Klart dei måtte
få seg ein ny heim.

 To ulike sorter vintergrønne bregner fekk og vera med heim.
Kjekt med noko som det er farge på heile året. 
 Arbeidskaren min har stått på som ein helt frå morgen til kveld
den siste tida. Han håpa at han skulle få lagt pannene på før han reiser
 i havet om få dagar. Ikkje mykje igjen.


 Me har og fått ferdig kroken med bassenget, så nå er det kun litt jord
som gjenstår oppi bedet, og nokre planter. Molå drøymer om jordbærplanter,
så då får me sjå kva det blir til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar