fredag 10. oktober 2014

Rhodos rundt





Me leigte oss bil på onsdag. Den eine plassen me drog til var Lindos. Det er den kvite byen du ser på biletet. På toppen der låg ei gammal borg, datert lenge før vår tidsrekning.





For å komma til topps gjekk me gjennom tronge, smale gater. Til slutt var det 298 trappetrinn som venta oss. Men belønninga var det ikkje noko å seie på.


Sjekk den fine utsikta!









Ganske fasinerande å tenkje på kor gamalt dette er.








Molå hadde så lyst å ri på esel ned att. Då måtte ho mor vera med og. Esla hang nemleg saman to og to.


Etterpå gjekk ferden heilt sør på øya, Prasonisi. Det var stiligt. Der har du eit hav på kvar side av stranda. Meiner på det var Middelhavet og Egeerhavet. Om vinteren blir stranda oversvømt av hava.


Egeerhavet var det ganske mykje bølger og mange som kitet.











I Middelhavet var det mykje stillare.


Traff Supermann også.


Deretter var me oppe i fjellene, og heima igjen til sola gjekk ned.





Helsing Molås rom

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar