onsdag 27. januar 2016

Når nettene blir korte og dagen kommer fort........


Har du lyst på ein god latter bør du lesa dette!

Eg vakna av vekkerklokka 06.20 i dag. Eg skrudde den av som eg pleier. Men eg var så trøtt, så eg skulle berre ligga litt...syns nettene blir kortare og kortare. Brått våkna eg igjen og såg på klokka. Nå var den halv. Eg skunda meg opp, for eg hadde litt dårlig tid i dag. Skulle rekka eit møte klokka 8.00. Lurte litt på om eg skulle vekka Molå før eg dusja, men tenkte at ho kunne få sova litt til. Eg heiv meg i dusjen og ut igjen, og tørka meg. Syns eg hadde brukt litt lang tid på badet så eg fant ut at eg fekk ta på meg klokka å sjå. Men eg klarte ikkje å lesa kva klokka var, har eg tatt klokka på feil vei? Eg snudde klokka, men den kunne ikkje lukkast igjen den veien, og snudde tilbake igjen, men klarte framleis ikkje å sjå kva ho var. Eg gjekk inn på soverommet for å sjå på klokkene der. Klokka var 01.45. Ikkje rart eg syns natta var vel kort! Nydusja gjekk eg og la meg igjen. Eg hadde berre draumt at klokka hadde ringt! Når du no les dette og ler med deg sjølv, ligg eg på benken og tar ein vel fortent strekk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar