onsdag 13. juli 2016

Here we go again- Urgent Care




I dag måtte me til legen atter ein gong. No var det Molå som hadde fått øyreverk. Ho har gått med det ei stund, men no blei det verre. Har nok fått bakterier frå eit av bassenga me har bada i.


Så me har brukt omtrent ein dag på å kontakte forsikringsselskap, legar og apotek. Ting tek tid!


Men no har ho fått medisiner og me krysse fingrane for at dei hjelpe. Me er blitt reine ekspertane på helsevesenet her nede no.


Etter på var det tid for å sikra seg litt brunfarge, før ferden går heimover på laurdag.


Dette hotellet har eit flott bassengområde. Deilige solsenger.


Her kunne eg vore nokre dagar til. Passeleg varmt med ca 31 grader.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar