mandag 27. juni 2016

Besøk hos Frank Sinatra




Me kjørte innom Desert Memorial park i Palm Springs, for å sjå på grava til Frank Sinatra. Det var slett ikkje mykje stjernepreg på den. Faktisk mykje finare på grava til mine foreldre! Er i grunnen litt rart for han var jo ei stor stjerne.


På samme gravplass låg og Sonny Bono, der var det i alle fall nokre kunstige blomar. Rett nedanfor den grava sto det ein bil foran ei grav, der spelte dei høg musikk og hadde og med seg ein campingstol. Litt andre tradisjonar enn kva me er vane med.


Ungane fekk nå svidd av ein del dollar i dag!

Helsing Molasrom

Location:De Coronado Dr W,Indio,De Forente Stater

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar