mandag 28. juli 2014

Heimelaga is

I helga prøvde eg  meg på å laga heimelaga is.
Oppskrifta sto i Haugesundsavis. Kvar fredag har Ingrid Marie Widvey med bloggen
Passion 4 Vintage, passion4vintage.com ei oppskrift som ho presenterer.
Eg er no ikkje så veldig kjøkken menneske, men denne oppskrifta traff meg.
 

Så eg fekk handla inn det eg trengte, og heiv meg i sving.
Ganske kjapt gjort. Isen fraus eg i små isbeger som eg kjøpte på Trendhuset.
Suns dei var så koseleg. Så då var det berre å gleda seg til isen hadde frose.
 Me måtte sjølvsagt prøve smaka om kvelden, og den var knallgod.
Sjokoladeis med bitar av vaniljefugde. Mmmm.
Så fekk du lyst å laga is no, så finn du oppskrifta på bloggen til Ingrid Marie.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar