fredag 19. juni 2015

Snott og tårer....

Har det vore mykje av i dag. Ikkje lett å halda tårene tilbake når det står 15 nydelige 4. klassingar å grine fordi du ikkje skal vera læraren deiras til hausten. Eg har hatt 4 fantastiske år saman med 30 skjønne elevar, og topp kollegaer rundt meg. Klart at arbeidsdagen har til tider vore utruleg krevjande, men det elevane gir deg tilbake veg opp for det!
Også på personal sida blir det store utskiftingar- og eg like det ikkje! Til dokker alle på arbeidsrommet vårt: Tusen takk for stor takhøyde og for at dåkke lytte til meg når det trengs. Til dokker som ikkje er samen med oss til hausten, så ønske eg dokker lykke til med nye utfordringar.



Tusen takk til elevar og kollegaer for flotte gaver. Det varmar hjerta.

Sommarklem frå Molås rom

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar