I går gjekk turen 1 time med tog ut av Barcelona. Så tok me
kabelbanen opp til Montserrat. Det anbefalast på det sterkaste!
Denne kabelbanen tok me fra toget og opp til fjellet.
Sjå den flotte utsikten.
Her sitte poden å dingle med beina over kanten.....
Her på denne pynten, ringte me bestemor/oldemor for å
gratulera med 95 års dag!
Montserrat er eit fjell med fleire toppar. Det er ein del av dei katalanske forkystfjella. Hovedtoppane er Sant Jeroni (1236 m), Montgrós (1120 m) og Miranda de les Agulles (903 m).
"Montserrat" tyder bokstaveleg talt "sagtanna fjell" på
katalansk. Det gir ei god beskriving av fjellformasjonen med sine mange toppar som er synlege på lang avstand. Fjella består av iaugeefallande
rosa konglomerat, som er ein type
sedimentær bergart. Montserrat er Spanias første nasjonalpark.
Det var ufattelig fint inni klosteret.
Her ser du Jomfrua av Montserrat.
Me tok ein kabelbane endå høgare opp på fjellet.
Utsiketen får tala for seg sjølv!