I dag tok me kabelbane opp til borga som er på toppen
av Montjuic.
Det er ein fantstisk utsikt ut over heile Barcelona frå
toppen av borga.
Borga var i mange år fengsel og senter for tortur av
politiske fangar. Her oppe blei mange tusen skutt på
slutten av den spanske borgarkrigen. No skal det bli
eit fredssenter her oppe.
Parken ligg 213 meter over havna. Fjellet vert kalla for
jødefjellet etter ein jødisk kyrkjegard som låg her i
middelalderen.
Midt i siktet.
Til venstre for Molå kan de sjå Sagrada Familia. Der
skal me ta turen på lørdag.
Inni borga er det både faste utstillingar om borgarkrigen
og vandreutstillingar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar