torsdag 16. juli 2015

Til fots i Barcelonas gater

 Dagen i dag starta me med å besøka La Pedrera.
Det er ei utruleg flott boligblokk designa av Gaudi. Dette var det siste verket hans før
 han via resten av livet sitt til Sagrada Familia.




 Me fekk blant anna sjå ein modernista leiligheit som var møblert
med tidstypiske møbler. Rekonstruert slik ein leiligheit framsto på
1800 talet i Barcelona.
 Sjølv taka var også dekorerte.
 Dørhandtaka var spesiallaga for å passa godt i handa.
 Dette er frå taket nede i foajeen.
 Etter å ha hatt rundturen i La Pedrera, spaserte me til Parc de la Ciutadella.
Me var berre i inngangspartiet for å sjå Arc de Triomf. 
Den blei teikna til verdsutstillinga i 1888. Den var fantastisk flott.
 Etterpå gjekk ferden heim for litt bading før me drog ut igjen.
 Om kvelden tok me undergrunden inn til Espanja. Der er Font Magica.
Denne fontena blei teikna til verdsutstillinga i 1929. Om kvelden er det eit utruleg flott 
vatn og lysshow med musikk. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar