torsdag 30. juni 2016

Route 66 og Oatman del 2







Inne på ein av barane var alt dekka med signerte dollarsedlar. Over ein million sedlar!



Videre på vegen mot Flagstaff var det endå fleire fantastiske formasjonar.






På eit utkikkspunkt var det mange "graver" uten at me veit kvifor.



Ser du dei kissing Angels?
Denne ruta kan anbefalast!



Nå vente ei god natt for å samla krefter til nye utflukter.

Helsing Molasrom






Posted using BlogPress from my iPhone

Route 66 og Oatman del 1




I dag har me hatt ein fantastisk flott tur. Me kjørte fra Lake Havasu til Oatman via Route 66. Nydeleg natur. Bileta viser ikkje kor flott det eigentleg var.


Fantastiske fjellformasjonar.


Kaktus på kaktus


Oatman er ein nedlagt gruveby, der ein del av dei gamle bygningane står att.


-


Molå har vore ein tur i gruva og leita etter gull.





Oppå på ein av butikkane var det sykkelmuseum.


I gatene gjekk det esel.


Helsing Molasrom

tirsdag 28. juni 2016

Lake Havasu




Me måtte stikke innom ein pantelånar.


I 45 grader var det godt å kjøla seg litt ned.


Ein liten rundtur i kveldinga, når det berre var 40 grader.


Nede ved innsjøen var det ein flott park.


Denne London Bridge broa sto tidlegare i London. Den blei bygd i 1830, men i 1967 kom den til Lake Havasu city.



Helsing Molasrom

Location:Lake Havasu Ave S,Lake Havasu City,De Forente Stater

Fra Indio til Lake Havasu




Etter nok ein god amerikansk god frokost, les toast og syltetøy, og ein interessant samtale med ein amerikaner gjekk ferden mot Lake Havasu.


Me kjørte ca 3 timar gjennom ørkenlandskap. Lite spennande å sjå, men litt openbara seg undervegs.


I mange kilometer hadde folk/kjærestepar skrevet namnet sitt med blant anna stein langs jernbanelinja.


Ei stilige bru kom ut av intet.


Stilige fjellformasjonar.


Og brått kom slike små landsbyar fram rundt elva Colorado River, staten Arizona.


Helsing Molasrom

mandag 27. juni 2016

Besøk hos Frank Sinatra




Me kjørte innom Desert Memorial park i Palm Springs, for å sjå på grava til Frank Sinatra. Det var slett ikkje mykje stjernepreg på den. Faktisk mykje finare på grava til mine foreldre! Er i grunnen litt rart for han var jo ei stor stjerne.


På samme gravplass låg og Sonny Bono, der var det i alle fall nokre kunstige blomar. Rett nedanfor den grava sto det ein bil foran ei grav, der spelte dei høg musikk og hadde og med seg ein campingstol. Litt andre tradisjonar enn kva me er vane med.


Ungane fekk nå svidd av ein del dollar i dag!

Helsing Molasrom

Location:De Coronado Dr W,Indio,De Forente Stater

søndag 26. juni 2016

Indio here we come




Vel framme er me. Blei seint før me kom til hotellet. Berre det å få ut leigebilen tok øve 1,5 time. Ungane skulle få sova lenge i dag, men dei var klar allerede 6.30!Etter ein "god" amerikansk frokost, var me på farten. Me skal til Indio og på veg dit er det ein stoooor Premium Outlet som heiter Desert Hills. Nå har me vore her eit par timar og me har alt ein god del i posane. Litt lunch har me og fått i oss. Så nå er me klar for ny runde!


- Posted using BlogPress from Anita sin iPhone

lørdag 25. juni 2016

From bad to worse!




Dagen starta bra. Flott hotell og god frokost.


Vel framme på Sola fekk me vita at flyet me skulle reisa med hadde teknisk problem og dei måtte få inn nytt fly fra Skottland. Flyet kom, sjølvsagt forsinka 2,5 time. Me hadde ein time til å gå på, men den blei spist opp av ytterlegare forseinkingar ved avgong og ankomst. Fremme på Heathrow blei me forvist til ein 5 timar lang kø for ombooking.


Me sjekka om flyet vårt hadde tatt av, men det var og forsinka. Problemet vårt då var at dei ikkje ville sleppa oss forbi i sikkerheitskontrollen for flyet vårt var gått, men ingen ville sjekka om det var gått. Me blei tatt med til ein ny kø med bare 3 timars venting. Mens me venta der gjekk flyet klokka 19, og me hadde hatt over 2 timar på å nå flyet om dei hadde sleppt oss gjennom.


Det enda med overnatting og middag på bong. Og fleire timars arbeid for å få ordna opp med leiebil og hotellet. Så etter nokre få timar på auga, er me tilbake på Heathrow og satse på at alt går vår vei nå.


- Posted using BlogPress from my iPhone

torsdag 23. juni 2016

USA here we come again!

Om nokre få timar er me på veg hit til LA.


Reknar med at me først av alt vil ha nokre timar i ei slik ei.
Det er ganske mange timar på reis.


 Så må me nok kjøla oss av her.
Har du lyst å vita kva meir me skal, så må du følgja med her på bloggen.

lørdag 4. juni 2016

Nok ein herleg sommardag!

Dagen i dag starta med å få håndballspelaren vår på regionssamling
i Stavanger. Deretter bar det av stad til Torvastad og fotballcup for Molå.
Når me kom heim var det fantastisk å kunna få sitja ute å eta
ferske reker og drikka iskald Pepsi Max.
Det må kunna seiast å vera sommar det!



fredag 3. juni 2016

Sommar!


 Sommar er når me kan opna dørene til hagastua.
 Sommar er når peonene snart bløme.
 Sommar er mamma sin favorittblomst.
 Sommar er når "fuglefrøa" spire og kanskje der kjem ein solsikkeåker.
 Sommar er når finaste lilja eg fekk av Hilde bløme for fyrste gong.
Sommer er den friske fargen på valmuene.
 
Sommar er å nyta ei god bok heilt åleine, i alle fall ei lita stund.
Håpar du har fått ein smak av sommar i dag også.