lørdag 25. juni 2016

From bad to worse!




Dagen starta bra. Flott hotell og god frokost.


Vel framme på Sola fekk me vita at flyet me skulle reisa med hadde teknisk problem og dei måtte få inn nytt fly fra Skottland. Flyet kom, sjølvsagt forsinka 2,5 time. Me hadde ein time til å gå på, men den blei spist opp av ytterlegare forseinkingar ved avgong og ankomst. Fremme på Heathrow blei me forvist til ein 5 timar lang kø for ombooking.


Me sjekka om flyet vårt hadde tatt av, men det var og forsinka. Problemet vårt då var at dei ikkje ville sleppa oss forbi i sikkerheitskontrollen for flyet vårt var gått, men ingen ville sjekka om det var gått. Me blei tatt med til ein ny kø med bare 3 timars venting. Mens me venta der gjekk flyet klokka 19, og me hadde hatt over 2 timar på å nå flyet om dei hadde sleppt oss gjennom.


Det enda med overnatting og middag på bong. Og fleire timars arbeid for å få ordna opp med leiebil og hotellet. Så etter nokre få timar på auga, er me tilbake på Heathrow og satse på at alt går vår vei nå.


- Posted using BlogPress from my iPhone

1 kommentar:

  1. Oida, håper hellet er mer med dere i morgen, god tur videre!

    SvarSlett