fredag 29. juni 2012

Old town San Diego til Yuma









Etter frokost i dag gjekk me ein tur i gamle byen i San Diego. Den var aldeles fortryllande med mange små museer med gratis inngang. Me var innom eit gamalt fengsel, skule, tobakksbutikk m.m. På det eina bilde ser du mannen som arbeider i tobakksbutikken. Ved lunsjtider satte me nasen mot Yuma. Då kjørte me over store fjellområder og ørken. På det høgaste var me 1455 fot over vatnet. Temperaturen ute var på det høgaste 45 grader. Vel framme i Yuma i 16 tida var ikkje temperturen lågare. Det slo imot oss når me opna bildøra. Sjølv nå ved kl.21.30 tida er det ca 40 grader ute. Vel framme på hotellet bada me alle i bassenget. Der komme me i kontakt med ein familie frå San Diego. Dei har invitert oss med på båttur på Colorado River i morgon. Det blir spennande!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar