lørdag 23. juni 2012

Alcatraz og Cable car, dag 1











Me vakna tidleg i dag. Gode og utkvilte. Frukosten inntok me på ei shappe rett ved sida av hotellet. Egg, bacon & toast, slik det skal vere;) Så drog me ned til Pier 33 der me henta billettar til Alcatraz. Neste ledige tur var ikkje før 1. juli, så det er godt me hadde forhånsdkjøpt på nettet. Båtturen starta kl. 11.00, og tok ca 12 min. ut. Vel i land gjekk me til toppen på øya der sjølva fengselet ligg. Der hadde me ein audio guida tur som tok ca 1 time +, måtte oversetta til ungane. Den var kjempegodt laga til med lydar og stemmer. Du følte verkeleg du var i fengselet på den tida. Me var i land i San Francisco att kl. 14.00. Då var det tid for lunch. Den inntok me på Pier 39. Eit strøk med mange restaurantar og butikkar. Sola var også kome godt fram. Etter lunch rusla me rundt. Såg i butikkar og såg sjøløvene i SFO. Så var tida inne for å prøva Cable car. Me gjekk til Bay St. og tok cable car der fra. Det kosta 6 $ pr.pers. Den tok me heilt til endes på Union Square. Då var me alle klare for å slappa av. Me starta  kl. 08.30 i dag tidleg, så det har blitt ein del timar. Hoteller ligg i området som er kalla South of Market. Fint rom. Rommet heiter Big Bertha. Me skulle berre lada batteriene litt før me skulle ut å eta middag. Det enda med at alle sovna og ikkje vakna før 20.30. Då hadde ingen lyst å gå ut å eta, så me sendte han far for å handla baguetter på Big bite. Ungane spiste, pussa tenner og nå 1 t. etter sove dei igjen. Får truleg ikkje lasta opp bilder, for dette nettet er utrolig treigt, går så vidt an å bruka det. Men så snart eg får eit bra nett skal eg legga ut fleire bilder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar