tirsdag 26. juni 2012

Universal Studios - fantastic

I dag har me vore heile dagen i Universal Studios. Me starta i parken kl. 10.00 og forlot den kl. 19.30:) Ein fantastisk park som kan anbefalast på det sterkaste. Her var det noko for alle i vår familie, frå 8-41 år. Heilt utrulige effekter av alle slag. Bildene gir ikkje inntrykk av noko av det, men ein kan sjå noko av det me var med på.
 Her tok me Jurassic Park, the ride. Ei tømmerrenna som gjekk i dinosaur landskap, og avslutta med eit kjempeplask. Me blei klissklass frå topp til tå, men det var deilig i varmen. Ungane og maen tok denne to gonger!
Her har dei vore inne på ein slags berg og dalbane i Mummy, the ride. Her sto mor øve. Redd for å bli dårlig. Fallt i kjempesmak.
 Her var me med på ein rundtur i buss gjennom de ulike studione. Me fekk sjå sett frå ulike filmar/seriar. De holdt også på å ta opp CSI når me var på rundtur.
 Her er eit av husa til de desperate husfruer. Her fekk me kjørt i heile gata og sett alle husa som blir brukt i serien.
 Nice car!
 Her fek me sjå ulike dyr som er blitt brukt i filmar . Fekk sjå korleis dei blir trent opp til å gjer triks. Veldig morsomt show.
Scoby Doo!
 Her er me vel fornøyde etter å ha vore med på 11 ulike aktiviteter i parken. Puh!
Tilbake på rommet. Avslapping. Me sendte far ut for take away. Når han kom tilbake 45 min. seinare sov alle!

I morgon skal me besøka alle stjerne i Hollywood.  Samt ein tur på Santa Monica og Venice Beach før me kjøre til San Diego, ein ca 2 timars tur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar