mandag 25. juni 2012

High Way One fra Monterey til LA

















I dag lar eg bileta tale for seg. Me har reist frå Monterey og til Los Angeles i dag. Me brukte 10 timar på turen! Så i kveld er me slitne. Ungane sove nå. Men for ein utrolige tur langs HW1. Det kan anbefalast på det varmaste. Ein heilt fantastisk natur, med alt ein kan drømma om å sjå. Både når det gjeld plante og dyreliv. På de nederste bileta er me ein tur på stranda i Santa Barbara. Der gjekk me langt ut på ein pir og traff innpåslitne pelikanar. Havfrua av sand er det mannen på bilete som laga.
Når me endelig kom fram til hotellet i Hollywood, gjekk Harald inn for å sjekka oss inn, han fekk beskjed om at hotellet var kansellert! Heldigvis ordna det seg, for det er ganske fullt av folk i området her. Fekk oss også ei lita stripa på Hollywood Walk of Fame, og i morgon er det truleg Universal Studios som står for tur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar