No er me kome til vegs ende på ferien. I morgon (lørdag) er det heimatt.
I dag har me brukt dagen på å reisa fra Myrtle Beach til Charlotte.
På vegen måtte me sjølvsagt stoppe for å prøva ekte amerikanske donuts.
Du kan sei det var mange smakar å velje i. Eg lyg ikkje om eg seier minst 10 ulike smakar.
Me prøvde double chocolate, mapple og oreo med krem. Eg likte best mapple, den smaka karamell aktig. Her betalte me det samme for 6 donuts, som me gjer for 1 heime på bakeriet.
I Charlotte leita me også etter ein geocache.
Den neste to do tingen i dag var Starbucks.
Mine kjære hadde doubble chocolate chip, og eg hadde ein moccha.
Mmmmm.
Så var det tid for den siste middagen. Den inntok me på Blackfinn.
Jentene fikk eige bord og storkoste seg.
Sindre hadde seg ein god bureger.
Me andre inntok ein smakfull biff. Veldig god mat på
Blackfinn.
Ho mor og guttebassen<3
Tusen takk til reisefølget vårt for 3 flotte veker på tur saman.
Me har fått utruleg mange gode minner saman.
No gler me oss til deilig kinamat og flotte kaker Åse, så me har
mykje kjekt å sjå fram til enda.