torsdag 3. juli 2014

Natchez - på veg til Jackson

  1. juli reiste me frå New Orleans til Natchez. I New Orleans finn
du verdens nest lengste bru. Den er over 3 mil lang og går over ein stor innsjø.
Det føltes som du var langt ut på havet fordi du kunne ikkje sjå land.
 I Franceville hadde me oss ein liten stopp. Der var det utruleg mange flotte hus å sjå.
Huset her var turistinformasjonen og ei skjønn dame fortalte villig vekk om 
kva me burde sjå her. Huset var også eit lite museum.
 Mat treng ein jo og, så dama anbefalte Cafe Magnolia. God mat hadde dei,
og det var ein typisk amerikansk spisestad.
 Eit nydeleg hus i Franceville, privat eie.
 Dette er plantasjen Myrtles. Ein gamal plantasje tilbake i fra slaveriets tid.
Det var ein utruleg følelse å gå her. Du kunne liksom føle på deg korleis det var her på denne tida.
Me fekk guida omvisning i 1. etasje, og huset er faktisk hjemsøkt. Det er ei dame og hennar to barn som går igjen. Ei ganske trist, men spennande historie. 
 Det var ikkje lov å ta bilete inni huset, berre i gongen. Sjå den nydeleg tapeten.
Den består av åtte tynne lag oppå kvarandre.
 Den 2. juli var me i Natchez. Her var me innom eit lite indianermuseum.
Der museumet låg var eit tidlegare indianerbustad.
Fra Natchez til Jackson kjørte me denne vegen her. Den går gjennom ein historisk park. Der det er mange stader å stoppe for å sjå ulike ting som har hendt oppgjennom historia, særleg under borgarkrigen.
 Her er ein gammal veg som eiegentleg låg mykje høgare oppe, men på grunn av
mykje tråkk har kome langt ned i terrenget.

 Oppå denne store åsen hadde indianerane husplass.

Dette er eit gammalt gjestgiveri dei reisane kunne ta inn på 
i frå borgarkrigstida.



Familiegrava til Mead fra 17. og 1800 talet. Huset hans brant ned rett etter
borgarkrigen, så gravstøttene var alt som var igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar